Hopp til innhold

Ho dreg til fjells i all slags vêr for å gje deg dei beste skredvarsla

JØLSTER (NRK): Britt Siv Fimland let seg ikkje skremme av haglbyer og tett skodde. Ho er ein av dei som i desse dagar sørgar for at du får oppdaterte skredvarsel frå populære turområde i fjellheimen.

Brit Siv Fimland

TØFF DAME: Siv Brit Fimland var tysdag på veg opp til Dvergsdalsdalen i Jølster, fjellområdet som ligg innhylla i tåke i bakgrunnen.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

Enorme snømengder har dei siste dagane lava ned over Vestlandet, og ikkje minst i indre strok i Sogn og Fjordane. Nær overalt er det faregrad fire, det nest høgaste talet Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE) brukar om skredfare.

Men for å finne ut nøyaktig korleis forholda er i fjellet er NVE avhengige av observatørane. Dei som trassar uvêret og legg ut på tur, uansett kor mykje skodda heng ned etter fjellsidene.

– Eg må no ta ein tur og sjå kor langt det er fornuftig å gå. Det var litt tilfeldig at eg fekk denne jobben. Eg vart spurt fordi nokon visste at eg går mykje på tur i området her, fortel Siv Brit til NRK.

Det er kjekt å gå på tur sjølv om vêret ikkje alltid er det beste

Brit Siv Fimland

Kledd i varme klede og med skia klar skal ho i dag opp i Dvergsdalsdalen i Jølster. Eit mykje brukt turområde høgt over Jølstravatnet, og eit område som kan gje ho mange svar på korleis skredfaren er.

Sjekkar snøen nøye

– Eg skal ut på tur og eg skal sjå litt på vêr, vind og snø, korleis snøen har lagt seg med vinden som har vore i det siste, og kva det kan bety for skredfaren. Eg ser på enkle ting som på kor mykje snø som har kome og korleis vinden har påverka snøen. Så grev eg snøprofil for å sjå på oppbygginga av snødekket. Då kan eg seie litt meir om situasjonen.

Som turvant er ho sjølv oppteken av å følgje fjellvettsreglane, og ho ber folk vere merksame på forholda i fjellet før ein vel å leggje ut.

– Som observatør skal vi ikkje ta nokon sjansar. Vi skal gå trygt og gjere gode vegval. Det er viktig at folk som vil på tur også må følgje nøye med, seier Fimland.

Brukar moderne teknikk

– Korleis bringar du informasjonen vidare til dei som til slutt skal utforme skredvarsla?

– Vi har ein app vi brukar til å samle inn informasjon. Det gjer eg delvis undervegs medan eg går, og delvis etterpå, smiler den ivrige turgåaren.

– For deg så gjeld omgrepet ut på tur, aldri sur?

– Ja! Det er friskt, men det er også godt å kome seg ut. Det er kjekt å gå på tur sjølv om vêret ikkje alltid er det beste.