Hopp til innhold

Ho serverer lussekattar på luciadagen

SANDE (NRK): På Mjølkerampen kafé i Sande serverer dei rykande ferske lussekattar på luciadagen.

Siv Helen Tuften

RYKANDE FERSKE: Siv Helen Tuften brukar ekte safran.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det er ekte safran, så det blir eksklusive lussekattar på Mjølkerampen i dag, seier Siv Helen Tuften.

Tidleg om morgonen på luciadagen er Siv Helen Tuften på plass i kafeen for å bake lussekattar. Ute er det regn, og Tuften har tent lys inne i kafeen og pynta med julestjerner.

Er glad i førjulstida

Det er ei travel tid før jul i kafeen, men likevel synest Tuften førjulstida er det beste med jula. Ho starta dagen på jobb allereie klokka seks sjølv om kafeen først opnar klokka ni. Gjærbakst er tidkrevjande og ein må planlegge godt fortel Tuften.

– Eg er ein morgonfugl, så det er berre kjekt å starte tidleg, seier ho.

Ferske lusekattar

FERDIG: Dei første kundane stod på døra allereie klokka ni for å kjøpe dei ferske lussekattane.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

Triks for å få gode lussekattar

Det er viktig å bruke gode råvarer meiner Tuften. Ho brukar heilmjølk, ekte meierismør og gardsegg i lussekattane sine. Også må ein la deigen heve lenge for å få luftige og gode bollar. Tuften set ofte deigen kvelden før, og lar den kaldheve.

– Når du kaldhevar skal alle ingrediensane vere kalde, slik som mjølk og smør. Så kan du sette deigen til kjøling heile natta. Etterhevinga tar like lang tid, men du får veldig luftig bakverk til slutt då, seier ho.

Også har ho eit triks til pensling av bollane som ho har lært seg på eit bakekurs.

– Ha litt salt og vatn i egga så får du heilt flytande egg å pensle med, fortel ho.

Oppskrift til om lag 20 lussekattar

Oppskrifta har Tuften funne på Trines matblogg.

  • 950–1000 g mjøl
  • 5 dl mjølk
  • ca. 1 g safran (Eller litt gurkemeie.)
  • 1 sukkerbit
  • 25 g fersk gjær
  • 150 g sukker
  • 1 ts. malt kardemomme
  • 1/4-1/2 ts. salt
  • 1 egg
  • 150 g smør
  • 1 egg til pensling
  • rosiner til pynt

Knus safran saman med ein sukkerbit. Om ein ikkje har safran kan ein bruke ei halv teskjei gurkemeie i staden. Ha alt utanom smør i bollen. Elt deigen i ca. 10 minutt. Tilsett smøret i små terningar og elt til deigen slepp bollen. Hev i om lag ein time. Rull ut 20 lussekattar og etterhev i 30 min. Steik midt i omnen på 225 grader i 10–12 minutt.

Lussekattane i omnen

STEIKING: Lussekattane skal steike i om lag 10–12 minutt.

Foto: Gro Ravnestad / NRK