Hopp til innhold

Kvar fjerde innbyggjar vil ha folkerøysting om storkommune, men politikarane seier nei

1500 av 6000 innbyggjarar i Vågsøy kommune har kravd folkerøysting om framtida for nye Kinn kommune. Men no seier Arbeidarpartiet nei til kravet.

Tove Lill Refvik Volle

SEIER NEI: Tove Lill Refvik Volle og medlemene i Vågsøy Arbeidarparti seier no eit tydeleg nei til folkerøysting om Kinn kommune.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Vi hadde det oppe som diskusjon på årsmøtet fordi vi ville høyre kva medlemene tykkjer. Vi fekk eit samrøystes vedtak på at vi ikkje vil ha folkerøysting, seier leiar i Vågsøy Arbeidarparti, Tove Lill Refvik Volle.

Kinn kommune har blitt presentert som ein av dei mest spesielle kommunesamanslåingane i Norge. Dei to kystkommunane Vågsøy og Flora ha støtte i regjeringa og på Stortinget for å bli Kinn kommune. Men dei har inga geografisk grense mellom seg, derimot blir den nye kommunen delt av den store kommunen Bremanger.

Denne samanslåinga har sett sinna i kok i fiskerikommunen Vågsøy og responsen lét ikkje vente på seg då vågsøyværingen Fredrik Egeberg byrja å samle inn underskrifter med krav om folkerøysting.

Av kommunen sine 6000 innbyggjarar har over 1500 skrive under kravet, men politikarane kan no setje ein bråstopp for innbyggarinitiativet.

Det var Fjordenes Tidende som først omtala denne saka i dag.

Kinn kommune

Meiner det er udemokratisk

– Arbeidarpartiet har køyrd over folket fleire gonger og har vore fullstendig udemokratisk i denne saka. Vedtaket deira er slik sett ikkje overraskande, seier ein forarga Fredrik Egeberg til NRK.

Han håpar no at dei lokale representantane frå Høgre vil berge fleirtal for ei folkerøysting, trass i at Høgre i regjering og på Stortinget har støtta ei samanslåing av Flora og Vågsøy til Kinn kommune.

At Arbeidarpartiet har vore udemokratiske, vil ikkje lokallagsleiar Tove Lill Refvik Volle vere med på.

– Dei som er imot vil nok seie at vi er udemokratiske, men prosessen som har vore er uansett demokratisk. Så vi må støtte oss på det vi har blitt samde om, slår ho fast.

Fredrik Egeberg

KRASSE ORD: Fredrik Egeberg står bak underskriftskampanjen for folkerøysting om Kinn kommune. Han meiner Arbeidarpartiet er udemokratiske når dei no seier nei.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Høgre vil ikkje love noko

Men heller ikkje den lokale Høgre-leiaren, Linda Vika-Svärd, kan ikkje love at dei vil støtte kravet om folkerøysting. Ho vegrar seg mot å seie noko verken i den eine eller andre retninga no i dag.

– 1500 personar har uttrykt ønske om meir informasjon og ei folkerøysting. Det er noko vi må ta på alvor. Det er ikkje slik at vi berre kan avfeie det, men vi har ikkje konkludert, seier ho.

Det blir no opp til kommunestyret i Vågsøy å avgjere om dei vil ta omsyn til dei mange underskriftene på kravet om folkerøysting.

Folkemøte om Kinn kommune

FOLKEMØTE: Svært mange innbyggjarar møtte fram under eit møte om den nye storkommunen 9. januar i år.

Foto: Silje Guddal / NRK