Hopp til innhold

Ho oppmodar fleire til å opne dørene for flyktningar

Kari Bergset meiner kvar og ein kan gjere meir for å gje husrom til flyktningar.

Kari Bergset

VELKOMMEN INN: Om fleire stiller leilegheiter og hyblar til disposisjon, kan vi hjelpe til med å busette fleire flyktningar, seier Kari Bergset.

Foto: privat

– I utgangspunktet meiner eg vi alle kan tenke på om vi kjenner nokon som har ledig husrom å leige ut, eller om ein sjølv er i den situasjonen, seier Kari Bergset, husvert og stipendiat ved Høgskulen i Sogn og Fjordane.

Medan politikarane diskuterer om Norge skal ta i mot 10.000 ekstra kvoteflyktningar frå Syria, har Bergset ei klar oppmoding. Heime på Nordfjordeid har Bergset sjølv tilbydd kjellarleilegheita si til flyktningar som treng ein plass å bu.

No utfordrar ho andre som har ledige hyblar til å gjere det same. Målet med engasjementet hennar er at ubrukte bueiningar skal leitast fram slik at andre kan ha nytte av dei.

– Har ein ledig plass er det berre å ta kontakt med kommunen. Har ein kapasitet og ønskje til å ha kontakt med flyktningane også, så får ein veldig mykje ut av det, seier ho.

– Mange ventar berre på ein stad å bu

Laurdag kunne ein lese Bergset sin kronikk på NRK Ytring om at det ikkje er mangelen på bustader som stoppar Noreg frå å ta i mot flyktningar. Ho trur det er nok av hus, leilegheiter og hyblar som folk kunne avsett til å hjelpe nye landsmenn i å kome inn i eit samfunn.

reporter: Thomas Alvarstein Owe

Bergset stilte si leilegheit til disposisjon etter å ha blitt kjent med ei somalisk kvinne og sonen hennar som budde på asylmottak. Dei hadde fått opphaldsløyve og venta berre på å få ein stad å bu.

– Då dukke ideen opp om å tilby kjellarleilegheita vår. Vi spurde kommunen om dei var interessert i ein kontrakt og det var dei.

«Det dug ikkje uprøvd»

Den somaliske dama fekk flytt inn med sonen sin, men har no flytta ut fordi ho vart gjenforent med mannen og dei andre ungane sine, og trengde ein større plass å bu.

Så no har ein ny familieeining flytta inn.

– Vi har fått utruleg mykje ut av den kontakten vi har hatt med dei. Dei fortel at når ein flyttar inn hos nokon som vil ha flyktningar der, så kjenner dei seg meir trygge, fortel Bergset.

Dei nye leigetakarane har mellom anna blitt presentert for naboane, og den somaliske kvinna som budde der først har sett stor pris på å føle seg som ein del av nabolaget.

– Om fleire tenkjer som deg, trur du ein kan få busett fleire flyktningar i Noreg?

– Ein kan nok ikkje busette alle på denne måten, men noko kan ein bidra med. Dette er i alle fall noko vi kan sjå på som ei oppgåve. Vi har eit godt uttrykk i Nordfjord som heiter «det dug ikkje uprøvd», og slik tenkjer eg no, seier ho.