Hopp til innhold

Ho og 12 andre meiner Fjord1-vedtaket var ulovleg

Medlemene i fylkestinget fekk alt for lita tid til å setje seg inn i kompliserte og hemmelege sakspapir før Fjord1-vedtaket, meiner Åshild Kjelsnes (Ap) og 12 andre.

Åshild Kjelsnes valdebatt 2015

SVÆRT KRITISK: Fylkesvaraordførar Åshild Kjelsnes meiner at vedtaket i fylkestinget om Fjord1 ikkje var lovleg.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det vil overraske meg om det er slik det skal vere, då blir eg nokre illusjonar fattigare. Personleg kan eg ikkje leve med at dette ikkje blir testa ut. Heilt oppriktig frå vår side, så ønskjer vi å få testa ut om sakshandsaming i offentleg forvaltning kan gjerast på denne måten med så liten tilgang på informasjon for representantane, seier Kjelsnes til NRK.

Arbeidarpartiet, MDG, Venstre og SV sine 13 medlemer i fylkestinget har no sendt eit omfattande brev til fylkesordførar Jenny Følling.

Meiner vedtaket er ulovleg

I brevet krev dei såkalla lovlegkontroll av vedtaket om å selje Fjord1-aksjane til konkurrenten Torghatten.

– Hovudgrunnen frå vår side er å få sett lys på om sakshandsaminga er grundig og opplysande nok til at fylkestinget kunne gjere sitt vedtak den 23. november, seier Kjelsnes.

Ho og dei andre 12 fylkestingsmedlemene meiner at vedtaket ikkje er lovleg ut frå kommunelova, og tilgangen til informasjon og dokumentasjon for fylkestinget ikkje var god nok.

– Ikkje god nok tid

– Vi meiner at det ikkje var god nok tid, og stiller spørsmål ved korleis det var mogleg å gjere så tunge vedtak på så grunt grunnlag. Det var trass alt snakk om ein tung presentasjon på 35 lysark og i tillegg tunge vedlegg på fleire titals sider, seier Kjelsnes.

– Men burde ikkje de i opposisjonen heller berre godta fleirtalet sitt vedtak i saka?

– Det er vår bestemte oppfatning at manglande tilgang til saksdokumenta i saka medfører at krava til forsvarleg saksførebuing ikkje kan sjåast på som oppfylt. Fylkesutvalet og fylkestingets medlemar har framleis ikkje fått tilgang til saksdokumenta i saka.

– For mykje hemmeleghald

Gruppeleiar for Venstre, Gunhild Berge Stang, meiner fylkesrådmannen ikkje har teke omsyn til at det har blitt stilt spørsmål om ein har følgd forvaltningslova og offentleglova på ein riktig måte.

– Når dette ikkje har blitt teke særleg omsyn til, så er det rett å krevje ein lovlegkontroll. Den graden av hemmeleghald som har vore praktisert i sakshandsaminga meiner vi er i strid med offentleglova, både i høve tida politikarane har hatt høve til å setje seg i saka og det at ein har hemmeleghalde heile dokument, meiner Berge Stang.