Hopp til innhold

Ho nektar å kaste ut jula før sola kjem

Medan nokre allereie har fått sola tilbake, eller har hatt ho heile tida, ventar mange. Hos Hilde-Gunn Ommedal kom sola tysdag, så no må det fire meter høge juletreet vekk.

Hilde-Gunn Ommedal

NYE OG GAMLE TRADISJONAR: Det er ikkje noko nytt heime hos Hilde-Gunn Ommedal i Hyen at juletreet først skal ut når sola kjem, men det er derimot heilt nytt å ta ein eit fire meter høgt juletre. Så høgt at gardintrapp måtte til for å klare å pynte det.

Foto: Privat

Det er mange ulike tradisjonar for kor lenge jula varer. For nokre varar jula kanskje så langt som til påske, medan andre må ha den ut så snart ein bikkar over i det nye året.

I Hyen har Hilde-Gunn Ommedal ein fast regel. Når sola kjem, då må jula vike. Men ikkje før. Og den tida er no komen.

– Ja, eg har sett sola. Ho skein visst i går også, men då var eg ikkje heime, men i dag fekk eg eit glimt av ho. Så no er ho komen, fortel Ommedal.

Må ta ned fire meter med julepynt

Og det er ikkje lite julepynt Ommedal no må gripe fatt i. For medan lysa ute og inne er tekne ned, må ho også få ned juletreet som ruvar heile fire meter høgt i stova si.

– Her på garden har vi ei gamal sperrestove, og i år tok vi den i bruk i jula. Og til ungdomane si store glede så fekk dei gå på skogen og finne eit høgt nok juletre, så her står no fire meter med juletre som skal nedpyntast, seier ho og ler.

Men heldigvis har ho to barnebarn som skal hjelpe ho med dette.

– I morgon har eg ein andreklassing som har skulefri, og ei frå barnehagen som også skal vere heime med bestemor i morgon for å plukke ned julepynt. Så eg har god hjelp.

vintersol vassenden lesarbilete

PÅ PLASS: Hos Vigdis Tonning på Vassenden var sola på plass 2. juledag. Dette gler ei som er oppvaksen med at sola er vekke i seks veker, sjølv om ho berre har flytta seg tre kilometer, skriv Tonning.

Foto: Vigdis Tonning

Likar ikkje sollys på juletreet

Ommedal plar seie at folka i Hyen har solkompleks. For sjølv er ho oppvaksen heilt ute på Sunnmørskysten der sola var heile året. Så før ho flytta til Hyen høyrde ho aldri så mykje prat om denne sola.

Ho har aldri likt at sola skal skine på juletreet, så truleg er det der denne tradisjonen har starta.

– Her er det høgst på tide å kaste ut treet når sola kjem. Eg ventar så lenge, men så begynner eg heller ikkje på jula før det er jul, seier Ommedal, som meiner tida frå sola kjem og framover er den finaste på året.

Nokre har den, nokre ventar

vintersol hauge i bremanger lesarbilete

VINTERSOL: På Hauge i Bremanger har dei også sol, i motsetning til fleire andre.

Foto: Åse Kristine Vadøy Hauge

Og ho er ikkje åleine om å sjå fram til sola kjem. Nokre fortel at dei har sola heile året, medan fleire nyleg har fått ho tilbake.

På Tveit gard i Nordgulfjorden fortel Astrid at sola kjem tilbake 12. januar etter å ha vore vekke i seks veker. Ingunn på Vassenden skriv at sola kjem tilbake onsdag og at det er den beste bursdagsgåva ho kunne fått.

Men fleire plassar må vente endå lenger. På Lægedn i Fortun har dei ikkje sett sola sidan 25. september og der er ho heller ikkje tilbake før 19. mars.