Hopp til innhold

Ho meiner næringa har eit imageproblem

SKJERJEHAMN (NRK): Fiskeri- og sjømatnæringa har for låg status og eit ufortent dårleg rykte i dagens norske samfunn. Ungdomen må få vite kva karrieremoglegheiter dei faktisk har, meiner fiskeriministeren.

Elisabeth Aspaker

MANAR TIL OMDØMME-DUGNAD: Fiskeriminister Elisabeth Aspaker frå Høgre vil ha tak i fleire unge.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Eg trur at denne næringa på sett og vis har eit lite imageproblem som ein sjølv må prøve å jobbe seg ut av, seier Elisabeth Aspaker (H).

Eit hav av yrke

Fiskeriministeren har i tre dagar gjesta Sogn og Fjordane og møtt representantar frå næringa. Under eit ope møte i Gulen før helga, kom statsråden med ei innstendig bøn om at ein må jobbe aktivt for å fremje næringa si status. Aspaker manar til dugnad for fiskeri- og havbruksnæringa som ho meiner har for låg status og eit ufortent dårleg rykte.

– Det er klart at her er det masse moglegheiter framover. All slags kompetanse trengst. Anten ein er ingeniør, økonomi, marknadsførar, røktar på eit havbruksanlegg eller du skal gå i fiskebåten, så er det store sjansar for ei god og anstendig lønn og til å ha ein spennande arbeidsplass, seier fiskeriministeren til NRK.

Ho viste mellom anna til Firda Seafood som ho gjesta torsdag. Ola Braanaas sitt milliardimperium sysselset i dag om lag 150 personar. 80 av desse har tilhald på Byrknes heilt vest i Gulen, der også administrasjon med eksportørar, marknadsførar og økonomar held til.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Elisabeth Aspaker på ope møte i Gulen

MØTTE NÆRINGA: Representantar for både oppdrett og tradisjonelt fiske var på plass då statsråden helt ope dialogmøte i Gulen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Den store vekstmotoren

Under sitt føredrag på den gamle handelsstaden Skjerjehamn i Gulen var statsråden oppteken av å synleggjere fiskeri og havbruk som ei næring med potensial til å fylle tomrommet etter oljen.

– Vi snakkar om kva næringar som har potensial til å vere vekstmotoren i norsk økonomi. Då er eg så privilegert at eg er statsråd om ei av næringane som vi har aller størst forventningar til, sa statsråden til dei om lag 50 frammøtte.

– Nye generasjonar nordmenn må ønske å utdanne seg inn i næringa, gjere karriere inn i næringa og vere med på å skaffe stabilitet i mange av dei lokalsamfunna som i dag har denne næringa som si hjørnesteinsbedrift, sa Aspaker.

Meiner det har blitt klaga for mykje

Elisabeth Aspaker lyttar

ØNSKJER MEIR FRAMSNAKKING: Næringa må fortelje om alt det positive og alle moglegheitene, ikkje klage for mykje på uår, meiner Elisabeth Aspaker.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Overfor NRK utdjupar Høgre-statsråden bodskapen.

– Her bør mange fleire ungdommar både sjå og oppdage kor spennande denne næringa er.

Likevel er ho uroa for at mange i val av karriere hoppar bukk over det som er eksportnæring med milliardinntekter. Noko av årsaka trur ho næringa sjølv må ta på eiga kappe.

– Eg trur kanskje ein har hatt ein tendens til å klage over at alle år ikkje har vore like gode. Næringa har forandra seg frå den gamle måten å drive på, og vi som er rundt næringa har kanskje ikkje heilt klart å følgje med på den spennande utviklinga som har vore. Det er ei utfordring å greie å kommunisere det ut.

Bjarte Sørhaug

UNG OG STOLT: Bjarte Sørhaug deler ikkje fiskeriministeren si veldige uro for omdømmet til fiskeria blant unge på hans eigen alder.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kjenner seg ikkje heilt att

Bjarte Sørhaug var ein av dei yngste i salen under fiskeriministeren sitt innlegg i Gulen. Lokallagsleiaren i Byrknes og fiskarlag tok sjølv ordet og utfordra statsråden på det han meiner er næringa sine utfordringar. Det er ikkje status og omdømme som plagar han mest.

– Eg veit ikkje om eg er heilt samd i det. Det er godt å vere fiskar i dag. Vi har visse utfordringar, men framtida er både fiskeri og havbruk. Det er eg ikkje i tvil om.

Meir enn rekrutteringa og image er Sørhaug uroa over utviklinga i næringa, der færre og større aktørar rår grunnen.

– Eg redd for fokus på lønsemd. At det til slutt skal vere veldig få aktørar att. Til dømes at landindustrien skal byrje å eige i fiskerettane. Det blir fundamentalt feil, spør du meg.

Laurdag er fiskeriministeren gjest på Sogn og Fjordane Høgre sitt fylkesårsmøte. Her fekk Aspaker kraftige åtvaringar mot å leggje ned Fiskeridirektoratet sitt regionkontor i Måløy.