Hopp til innhold

Ho meiner kutt i eingongsavgifta vil gi kutt i løyvingane til politiet

Å kutte i eingongsavgifta på politibilar vil gje mindre løyvingar til politiet. Det meiner finansminister Siv Jensen. Heilt i orden, seier hovudvernombod i politiet, Audun Buseth.

Siv Jensen

NEI: Finansminister Siv Jensen seier i sitt svar at å frita politiet frå eingongsavgift berre vil føre til at politiet får mindre løyvingar, sidan staten då ville få mindre inntekter.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Alt etter kva type bil det er snakk om, betalar politiet mellom 181.000 og 487.000 kroner i eingongsavgift kvar gong dei skaffar seg nye køyretøy.

Samtidig er ambulansar, røykdykkarbilar og gravferdsbilar fritekne for avgift.

Avgifta vert sett ut frå kor tung bilen er, kva motoreffekt han har og kor mykje Co₂ han slepper ut.

Medlem i Justiskomiteen, Jenny Klinge (Sp), stilte skriftleg spørsmål til Siv Jensen om kvifor ein ikkje kan frita politiet for denne avgifta.

Kutt på ein plass, gir kutt ein annan plass

– Tek ein vekk eingongsavgifta for politiet, vil tilsvarande sum ville bli teken vekk frå politibudsjettet, seier Klinge.

Ho peikar på at politietaten dermed ikkje ville spare noko på ordninga i praksis.

– Det blir difor avgjerande kva vi politikarar er villige til å gje til politiet, og kva vi vil gje distriktspolitiet for å sørgje for at politiet i distrikta har råd til ein

Jenny Klinge
Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

skikkeleg bilpark og nok stillingar, meiner Klinge.

Er uansett ei betring utan eingongsavgift

Hovudverneombod i politiet, Audun Buseth, hovudristande til svaret frå statsråden.

– Eg meiner dette bør vere eit satsingsvedtak for vi har store etterslep på investeringsbehov, seier Buseth.

Han seier at det uansett ville vore til hjelp for politiet om eingongsavgifta vart fjerna.

– Då kunne vi valt dei bilane vi reelt sett har trong for, utan at det aukar kostnadane våre unødvendig, seier Buseth.

Må ha utstyr som fungerer til jobben som skal gjerast

Eingongsavgifta har mellom anna som føremål å stimulere til kjøp av meir miljøvenlege køyretøy. Det tykkjer Buseth vert meiningslaust når ein snakkar om politietaten.

– Det er gode hensikter for folk flest. Men vi må velje utstyr vi har trong for til dei oppgåvene vi skal løyse. Då treng vi bilar med større nyttelast og sterke motorar. Det vert vi straffa for, sjølv om dei andre naudetatane slepp. Det argumentet forstår eg rett og slett ikkje, seier Buseth.

Fleire i politiet meiner det er behov for eit eige investeringsbudsjett.

– Mellom anna for å sikre utskiftingsplanar over fleire år og sikre at vi har godt materiell. Det ville vore eit godt tiltak, seier Buseth.

Meiner at byråkratiet aukar

Senterpartiet har i fleire alternative statsbudsjett lagt inn ein konkret sum som skal gå til å auke budsjetta for politiet i distrikta, utan å få fleirtal for dette.

– Byråkratiet aukar, pengane går til sentrale einingar, og politidistrikta får mindre. Det fører til ein frykteleg vanskeleg situasjon, og det uroar oss. Vi må ha eit politi som har bilar som både er trygge nok og går fort nok., seier Klinge.