NRK Meny
Normal

Ho meiner kommunen bør drive asylmottaket

SV-representanten Turid Vallestad i Førde viser til at Flora har eit svært veldrive kommunalt asylmottak.

Turid Vallestad

VIL HA KOMMUNAL DRIFT: Formannskapsmedlem Turid Vallestad (SV) i Førde.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Onsdag kveld var formannskapet i Førde på synfaring ved asylmottakt på Bergum i Førde. Bakgrunnen er mangelfullt vedlikehald som vart avdekt på mottaket i sommar.

Turid Vallestad seier at SV gjerne vil ha asylmottaket som eit kommunalt føretak.

– Det vil vi for nettopp å sikre at kvaliteten i alle ledd blir ivareteken, og vi kunne kanskje sytt for at det er litt betre standard.

– Trur du at du har fleire i formannskapet med deg etter denne synfaringa?

– De veit eg ikkje. SV har hatt den politikken heile tida, men med eit så veletablert asylmottak som vi har i Førde så har det vore vanskeleg å kome inn.

– Fungerer svært bra i Flora

Ho viser til at Flora har eit kommunalt drive asylmottak.

– Det fungerer svært bra. Vi har fått orientering frå dei, og eg har eit veldig godt inntrykk av det. Eg kan godt tenke meg at Førde gjer det same.

Synfaring på asylmottaket på Bergum

HAR IKKJE TEKE STANDPUNKT: Ordførar Olve Grotle (H) var på synfaring på asylmottaket på Bergum saman med resten av formannskapet.

Foto: Eva Marie Felde / NRK

Ordførar Olve Grotle (H) seier at spørsmålet om kommunal drift av asylmottaket så vidt har vore lufta i formannskapet.

– Det vi konkluderte med då var at om formannskapet ynskjer å sjå på det som eit alternativ så må vi få administrasjonen til å gå gjennom alle sider ved det og legge det fram for politikarane.

Vil ikkje synse

Grotle har ikkje gjort seg opp ei meining sjølv. Han viser til at drift av asylmottak er basert på anbod. Det betyr at om kommunen vil drive mottaket må det skje i konkurranse med andre aktørar.

– Hero er mellom dei største aktørane, dei driv rundt 60 mottak. Eg skal vakte meg for å seie at vi kan vere betre eller dårlegare enn Hero. Det blir å synse i altfor stor grad.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.