NRK Meny
Normal

Ho meiner Distad og Kjelsnes kastar blår i augo på velgarane

– Når både Arbeidarpartiet og Høgre går ut og seier dei vil kjempe for operasjonssentralen til politiet i fylket, er det å kaste blår i augo på veljarane, seier Liv Signe Navarsete (Sp).

Liv Signe Navarsete, Noralv Distad og Åshild Kjelsnes

POLITIREFORMA: Liv Signe Navarsete (Sp) kritiserer Noralv Distad (H) og Åshild Kjelsnes (Ap) for å kaste blår i augo på velgarane.

Foto: Montasje / NRK

Vallogo

– Begge partia har på riksplan røysta for politireforma, kanskje er både Distad og Kjelsnes i feil parti?, spør Navarsete.

Diskusjonen om politiet sin operasjonssentral i Florø fekk nytt liv etter at Aurland-ordførar Distad denne veka gjekk ut og sa at det gode samarbeidet mellom naudetatane under bergingsaksjonen i Gudvangatunnelen var eit bevis på at politiet treng ein eigen operasjonssentral i Florø, også etter samanslåinga med Hordaland politidistrikt.

Reaksjonane let ikkje vente på seg . Blant dei som kom på bana var Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet.

– Heller spesielt

– Det høyrest jo ut som dei fremste kandidatane til Høgre og Arbeidarpartiet ikkje er medlemmer i sine moderparti. Det er jo Høgre, Frp og Ap som stod i bresjen for å få lagt ned politidistriktet, og då tykkjer eg det blir spesielt når dei går ut i media og seier dei vil kjempe for operasjonssentralen, seier Navarsete.

– Her må ein skilje mellom det Sogn og Fjordane Høgre og Sogn og Fjordane Arbeidarparti har gjort, seier Åshild Kjelsnes frå Arbeidarpartiet.

Ho vil ikkje vere med på kritikken frå Senterpartiet.

– Ein må og ta med seg at det var eit fleirtal på Stortinget som vedtok politireforma, og det vart ein invitert til å meine noko om. Det valde Senterpartiet å ikkje gjere.

Fylkesleiaren reagerer kraftig

Hilmar Høl, leiar i Sogn og Fjordane Ap, meiner Senterpartiet sette seg sjølve på sidelinja, då dei valde å stå utanfor forhandlingane om politireforma. Han reagerer svært sterkt på kritikken som no kjem frå Navarsete.

Hilmar Høl

FORBANNA: Fylkesleiaren for Arbeidarpartiet, Hilmar Høl, let seg provosere av Liv Signe Navarsete sine utfall.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi prøvde å gjere politireforma betre ved å delta i forhandlingane, i motsetning til Senterpartiet. Viss dei hadde delteke kunne styrkeforholdet vorte slik at vi i lag kunne ha forma noko som var til det beste for Sogn og Fjordane. Slik vart det diverre ikkje, seier han.

Han meiner det er arrogant av Navarsete å kritisere dei som prøvde å gjere ein forskjell.

– Av og til løner det seg å halde kjeft og ikkje vere så høg på seg sjølv, seier Høl.

Heller ikkje Høgre vil ta kritikken frå Navarsete inn over seg

– Eg vil oppmode Navarsete om heller å støtte opp om det som vi har tatt opp, at vi innanfor politireforma må få til gode løysingar for Sogn og Fjordane, seier Noralv Distad.

– Bli med oss i Senterpartiet

– Når ein får så lite gehør i sine eigne parti som Distad og Kjelstad har gjort i denne saka så bør dei melde seg ut og bli med oss i Senterpartiet. Vi har kjempa beinhard, og tapt. Men vi kjempar vidare for at i alle fall 110-sentralen skal bli i fylket, seier Navarsete.

Men partibyter er ikkje aktuelt for verken Distad eller Kjelsnes.

– Mitt svar til Navarsete er nok at påverkinga kanskje hadde vore større om fleire gjekk inn i Arbeidarpartiet, svarar Kjelsnes.

– Det er eit retorisk poeng frå Navarsete, men eg er overtydd om at med dei gode kontaktane vi har inn mot Høgre sentralt, så skal vi få til gode løysingar for fylket, seier Distad.

– Eg trur nok at Distad og mange med han kjempa hardt innad i Høgre og tapte. Det var såpass tøffe kampar at eg trur ikkje det er mogleg å ta den opp igjen. Er det mogleg, så skal eg vere den første til å vere med og kjempe for å halde oppe desse tenestene i fylket, seier Navarsete.

Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå