Hopp til innhold

Ho meiner at ordførarhetsen er overdriven

– Vi må ikkje stilne folk ved å kalle dei for mobbarar, meiner Sunniva Oldeide. Ho meiner folk overdriv kor mykje hets og sjikane ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy er utsett for.

Sunniva Oldeide

ÅTVARAR: Sunniva Oldeide meiner det blir teikna eit bilete av massiv sjikane som ikkje stemmer.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Kristin Maurstad har fått brei støtte etter å ha blitt utsett for hets og sjikane i sosiale medium.

Også familien til Maurstad har tatt eit kraftig oppgjer med folk som brukar tastaturet til å utvise manglande folkeskikk.

Stridssakene i Vågsøy har vore fleire dei to siste åra: Samanslåing med Flora, nedlegging av skular, og bygda Bryggja som vil over til Stad kommune. Fleire gonger har det teke fyr i sosiale medium.

Forstår at folk er forbanna

Sunniva Audardottir Oldeide har vore aktiv i partiet Raudt, og har følgt med og engasjert seg i debattane. Ho meiner det no blir teikna eit bilete av massiv sjikane som ikkje stemmer:

– Eg synest ikkje det har gått over grensa over kva politikarar skal tole. Eg forstår godt at folk er lei og forbanna.

Oldeide meiner at mange ropar opp om netthets utan å ha sjekka kva som faktisk har vore omfanget:

– Eg har følgt med, og prøvd å leite opp innlegga. Det er ein del som er usaklege, og nokon er over kanten, men eg meiner det er eit godt stykke unna hets og trakassering, seier Oldeide.

Fryktar at folk ikkje vågar å debattere

Oldeide fryktar at politisk debatt skal stilne fordi folk ikkje vil bli sett i bås med netthetsarar. Ho meiner saka er blitt einsidig omtala også av NRK:

– Det er folk som slettar innlegga sine, som sluttar å kommentere. Vi må ikkje stilne folk gjennom å kalle dei for mobbarar, seier ho.

Oldeide er klar over at sjikanerande innlegg har blitt skrivne for så å bli sletta, men meiner det må vere få innlegg samanlikna med alle dei som oppfører seg.

Meiner bryggjaværingar risikerer urettvist stempel

Kritikken har også blitt reist mot bygdefolk i Maurstad si heimbygd Bryggja. Enkelte skal i fylgje syster til Maurstad ha slutta å helse på, og ektemannen til ordføraren har i sosiale medium skulda sambygdingar for å like, dele og formidle vidare hets.

Kristin Maurstad

UTSETT FOR KRITIKK: Ordførar i Vågsøy, Kristin Maurstad, har vore nøydd til å tole mykje kritikk den siste tida.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

NRK har blitt kontakta av bryggjaværingar som meiner det blir teikna eit feil bilete.

Leiar i Bryggja utviklingslag Øystein Hessevik seier han ikkje har sett netthets frå Bryggjaværingar:

– Så vidt eg har sett så har dei innlegga som er hetsande ikkje blitt skrivne av Bryggjaværingar. Eg har sett kritiske innlegg frå bygdefolk, men ikkje hets, seier Hessevik.

– Vi skal ikkje kneble diskusjonane

Ordførar i Vågsøy Kristin Maurstad (Ap) ynskjer ikkje å kommentere situasjonen i heimbygda spesielt, men seier Sunniva Oldeide har eit viktig poeng:

– Det er ikkje eg som har sett i gang diskusjonen om netthets, det er det andre som har reagert på. Eg er samd med Oldeide i at vi ikkje skal kneble diskusjonane, men det er bra med eit fokus på at vi ikkje skal skrive alt vi har lyst til. Det kjem reaksjonar frå heile landet på temaet, dette er eit problem ikkje berre i Vågsøy, seier Maurstad.