Hopp til innhold

Ho levde under eit regime av truslar – no må ekssambuaren i fengsel

Ein sunnfjording i 20-åra er dømt til fengsel i to år for psykisk vald og drapstruslar mot ekssambuaren.

rettsal

TILSTOD: Sunnfjordingen fekk nedsett straff for å ha tilstått dei fleste skuldingane, men har enno ikkje bestemt om han vil anke straffeutmålinga.

Foto: Oddleif Løset / NRK

I tillegg til fengselsstraffa må mannen betale 70.000 kroner i oppreising til kvinna.

Han har tilstått nær alle skuldingane i saka, men forsvarar Ivar Blikra seier klienten hans ikkje enno har bestemt seg for om han vil anke.

– Skulle det bli aktuelt, blir det ikkje over skuldspørsmålet, men over straffeutmålinga. Det er det han treng omtenkingstid for, seier Blikra.

Politiadvokat Erling Melvær er nøgd med dommen frå tingretten.

– Vi har fått gjennomslag for det vesentlegaste i saka. Det er lite rettspraksis i denne typar saker, saker som omhandlar stort sett berre psykisk vald og med ei slik alvorsgrad. Difor blei det vanskeleg å finne samanliknbar rettspraksis, når ein skulle komme til ei riktig straff, seier Melvær.

Stadige drapstruslar

Dei to vart saman i slutten av 2009. Etter kort tid vart kvinna gravid og paret flytta saman i 2010. Same året vart sonen deira fødd. Forholdet var godt i starten, men då sonen var blitt eitt år gamal byrja problema.

Mannen oppførte seg nedverdigande mot sambuaren og kom med stadige skuldingar, skjellsord og trugslar. I denne perioden var mannen arbeidsledig og drakk stort sett kvar dag.

I 2012 valde kvinna å bryte ut av forholdet. Etter dette vart situasjonen berre verre og mannen byrja å kome med drapstruslar. Ifølgje fornærma vart ho trua på livet fleire gonger i veka.

I tillegg trua mannen gjentekne gonger med å ta sitt eige liv, seinast i april då han heldt opp ein kniv mot sin eigen hals. Mannen har forklart at han gjorde dette for å gje kvinna dårleg samvit.

Ville hindre kvinna i å treffe nye menn

Både før og etter brotet oppførte mannen seg kontrollerande, ofte vart sonen nytta som eit middel for å utøve kontrollen. Ved eitt høve sa han at kvinna måtte fortelje sonen at «mamma hadde drepe pappa», dersom han tok sitt eige liv.

Etter kvart som kvinna trefte nye menn, vart også dei utsett for truslar og vald. I retten har tiltalte forklart at han gjorde dette for å halde dei unna sonen, som han ønska å skåne. Den eine gongen skal tiltala ha jaga ein mann med kniv. Då mannen prøvde å kome seg unna i ein bil, sprang tiltalte etter og slo mot sidevindauget på bilen så det knuste.

Aktor Erling Melvær bad om fengsel i 2 år og 6 månader for gjerningane. Bistandsadvokaten bad om oppreisingserstatning på 80.000 kroner.

Forsvarar la ned påstand om frifinning frå det tredje punktet i tiltalen, som omhandla ein episode der tiltalte skal ha tatt kvelartak på ein mann ekssambuaren hadde eit kortvarig forhold til. Elles bad han om at klienten vart behandla av retten på mildaste måte.

Tilstod dei fleste skuldingane

I straffeutmålinga skriv retten at allmennpreventive omsyn krev ein streng reaksjon. Det sterke bandet mellom dei to, som følgje av at dei har eit felles barn, vert vurdert som skjerpande for straffeutmålinga.

Retten finn det òg skjerpande at mannen fleire gonger har trua kvinna medan sonen var til stades.

Mannen har tilstått alle skuldingar, med unnatak av det som gjekk på kvelartaket. Tilståinga gav mannen ein strafferabatt på 20 prosent og etter ei samla vurdering kom retten til at fengsel i to år var ei passande straff. I tillegg må mannen betale 70.000 kroner i oppreising til kvinna.

Tiltalte er tidlegare straffa ei rekkje gonger for mellom anna vald, trugslar og brot på narkotikalova.