Hopp til innhold

Ho krev at Gaular må ta imot fleire flyktningar

Gaular har vedteke å ta imot fem flyktningar neste år, noko som er for få. Det meiner varaordførar Norunn Lunde Furnes (KrF).

Norunn Lunde Furnes

ANSVAR: Varaordførar i Gaular, Norunn Lunde Furnes, meiner nordmenn har eit moralsk ansvar for å ta imot fleire flyktningar.

Foto: Oddleif Løset / NRK

– Det er vårt moralske ansvar å ta imot fleire flyktningar, seier Furnes.

Etter at Firda-journalist Ole Johannes Øvretveit har sagt ja til å la seks Syria-flyktningar flytte inn i huset sitt, er det allereie ein meir enn det Gaular kommune har sagt ja til å ta imot neste år.

Det gjer at Lunde Furnes meiner kommunen må auke taket på kor mange flyktningar dei skal ta imot.

– Vi har ei plikt til å hjelpe, meiner Furnes.

Ordføraren er usikker

Ordførar Mathias Råheim frå Høgre er på si side usikker på om kommunen bør ta imot fleire flyktningar.

– Det må kommunestyret avgjere, seier Råheim.

Mathias Råheim

USIKKER: Ordførar Mathias Råheim seier det er opp til kommunestyret å vedta om kommunen skal ta imot fleire flyktningar.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

– Er du for å ta imot fleire flyktningar?

– Eg har ikkje noko imot det, men det må koordinerast. Vi skal jo gje dei språkopplæring, helsetenester og fleire andre ting, seier Råheim.

Trur det er positiv vilje

Furnes oppmodar nordmenn til å syne meir hjartevarme.

– Sjølv om dette er menneske som er langt frå oss, så har dei akkurat dei same kjenslene og utfordringane. Men der er det krig og her har vi eit ansvar. Og vi kan gjere det, for vi bur i verdas rikaste land, seier Furnes.

– Men trur du det er politisk vilje i Gaular til å ta imot fleire enn dei fem dei allereie har sagt ja til?

– Det er eg sikker på. Er det fleire som opnar heimane sine, så trur eg ikkje det skal vere problem å finne nok husrom, seier Furnes.