NRK Meny
Normal

Ho kan ta plassen til Sveinung Rotevatn

Berre ein gong i historia har SV hatt ein representant på Stortinget frå Sogn og Fjordane. No kan førstekandidat Vibeke Johnsen stikke av med plassen til Venstre og bli nummer to.

Vibeke Johnsen, førstekandidat for SV i Sogn og Fjordane

VIL SNU DEN BLÅ VINDEN: Førstekandidat til Stortinget frå SV i Sogn og Fjordane, Vibeke Johsen, har sterk tru på SV, også i fylket. Her på fylkesårsmøtet på Nordfjordeid 5.februar.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Dagens regjering driv ein politikk som ikkje er bra for Sogn og Fjordane. Derfor vil vi gjere vårt for å sikre eit regjeringsskifte, seier Johnsen.

Sveinung Rotevatn (V)

KAN MISTE PLASSEN: Ved valet i 2013 sikra Sveinung Rotevatn frå Venstre seg utjamningsmandatet i Sogn og Fjordane.

Foto: Nesvold, Jon Olav / NTB scanpix

Basert på Norstat si måling for NRK i januar og utrekningar gjort av Polls of polls kunne Johnsen og SV tatt plassen frå Sveinung Rotevatn og Venstre, dersom det hadde vore val denne månaden.

Sidan SV vart stifta på 70-talet er Heidi Grande Røys den einaste SV-politikaren som har representert Sogn og Fjordane, då ho vart valt inn for perioden 2001 – 2005. No kan Johnsen bli nummer to.

Det står om utjamningsmandatet, dersom SV skal ha sjanse å kome inn på Løvebakken.

– Eg trur det er mogleg. Eg er i alle fall innstilt på å brette opp ermene og stå på, møte folk, lytte og diskuterer politikk, seier Johnsen.

Klima og ein human asylpolitikk

Partiet trur klimasaka, ein meir human flyktningpolitikk og skepsis til sentralisering vil sikre plass til ein ny SV-ar frå fylket.

– Dagens regjering går inn for meir sentralisering, set ikkje i gong tilstrekkelege klimatiltak og prioritere store kostbare fjordkryssingsprosjekt, i staden for trygge vegar med gul midtstripe og rassikring i distrikta.

– Er det misnøye med dagens regjering som skal sikre stemmer til SV?

– Vi vil få fram våre løysingar for Sogn og Fjordane og verda. Klima er ei viktig sak for oss. Her på Vestlandet er vi vant med kraftig vêr, men vi må venne oss til meir, om vi ikkje tek radikale grep.

– Og så vil vi kjempe for ein anstendig asylpolitikk.

Fylkesårsmøte i Sogn og Fjordane SV

FYLKESÅRSMØTE: God stemning under årsmøtet til Sogn og Fjordane SV då dei politiske programma vart behandla.

Foto: Espen Breivik / NRK

– Vestlandsregionen eit skalkeskjul for samanslåing

Ei sak som prega fylkesårsmøtet til SV var skepsis til samanslåing av Hordaland og Sogn og Fjordane.

– I kommune- og fylkestingsvalet gjekk vi til val på at vi ynskjer å behalde Sogn og Fjordane fylke, det tek vi med oss inn i Stortingsvalet.

Johnsen meiner det er eit samanslåingsprosjekt forkledd som ei regionreform.

– Ein har ikkje flytta noko makt og myndigheit til regionane.

Ho fryktar for at ressursar og fylkesfunksjonar vil bli fordelt på ein måte som styrkar sentraliseringa.

– Korleis vil Sogn og Fjordane overleve om ein må stå igjen aleine, mot store og ressurssterke regionar?

– Vi treng at vi har eit Storting som er oppteken av distriktspolitikk, og ser verdien av at det bur og lever folk i heile landet. Smått kan vere godt. Vi treng ikkje sentralisere alt, avsluttar ho.

Laster innhold, vennligst vent..
Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast