Ho kan miste alt fordi selskap vil brenne avfall på garden hennar

HÅBAKKEN (NRK) Planar om å bygge forbrenningsanlegg og pelletsfabrikk kan føre til at Aud Sjøvold mister garden ho har bygd opp saman med foreldra sine.

Aud Sjøvold

KAN TA SLUTT: Eg vil ikkje ha eit slikt anlegg her på Håbakken, seier Aud Sjøvold.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Sjøvoll bur kloss i næringsområdet på Håbakken ved Lærdalstunnelen, og garden hennar er nyleg blitt regulert til industriføremål.

Simas og Ecoinowaste ynskjer å etablere eit forbrenningsanlegg/varmesentral og pelletsfabrikk her, som kan gje 15 arbeidsplassar.

– Eg tykkjer det er heilt feil. Håbakken var meint å vere for transportnæringa, turistar, reisande, informasjon og kafé. Og ikkje for søppelforbrenning og pelletsfabrikk, seier Aud Sjøvold.

Eit sjokk

Ho seier det første møtet med kommunen var eit sjokk.

– Eg og mor mi vart innkalla til møte om reguleringsplanen, men der sat også utbyggarane. Det kom som ei bombe for oss kva dei hadde for slags planar. Eg fekk også vite at det var siste året eg kunne drive garden. Eg vart så sint. Eg sov og åt ikkje etterpå. Det var knapt så eg kom meg på arbeid, seier Sjøvold.

Ho er også kritisk til miljøaspektet.

– Dei seier det berre skal kome damp av anlegget. Men ingenting er konsekvensutgreidd om helse, støy og ureining. Lærdalselvi er ei nasjonal lakseelv, den renn rett under garden min.

Naboen Linda Natvik har saman med andre starta underskriftskampanje mot planane.

Linda Natvik

UNDERSKRIFTER: Vi er ikkje imot fabrikken eller arbeidsplassar, men plasseringa, seier Linda Natvik, som meiner ho har nesten 600 underskrifter.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

– Rett og slett fordi vi tykkjer plasseringa ved innfallsporten til Lærdal er feil. Det vil øydelegge Håbakken og utsikta her.

– Mange som har skrive under, er ikkje lærdøler. Kva legg du i det?

– At folk utanfrå tykkjer Lærdal er ein fin plass og er imot det som skjer.

– Veit folk kva dei eigentleg skriv under på?

– Det er jo ikkje alle som veit eksakt kva dette er for slags fabrikk. Men uansett, det er plasseringa vi er imot.

Vil skape arbeidsplassar

Simas og Ecoinowast ynskjer å bygge anlegget for å skape arbeidsplassar lokalt av avfall som i dag blir køyrt til Sverige.

– Vi meiner forbrenningsanlegget/varmesentralen vil kunne skape ytterlegare aktivitet på Håbakken. Sentralen skal tørke flis og produsere trepellets. I tillegg har vi tankar om å produsere mat i drivhus. Vi meiner dette er ein del av det grøne skiftet som passar i Lærdal, seier styreleiar Hallvard Thomassen.

– Kvifor Lærdal og Håbakken?

– Håbakken er eit knutepunkt. Vi kan utnytte anlegget som besøksanlegg for utdanning og opplæring.

– Kva med forureining?

– Det er strenge krav til slike type anlegg. Vi skal ikkje knytte oss til elva på nokon måte. Det er eit lukka anlegg, alt skal skje innandørs, avfallet kjem innpakka og det blir ikkje lagring av avfall rundt anlegget. Men tømmeret vil ligge ute, og støyen frå tømmerhandteringa er kanskje det som vil påverke mest – støy frå sju til ni tømmerbilar om dagen.

Hallvard Thomassen

PROSJEKT: Styreleiar Hallvard Thomassen i Ecoinowaste hevdar dei har kontroll på miljøaspektet.

Foto: Henrik Agledal / NRK

– Kva med lukt og utslepp til luft?

– Det blir ikkje lukt frå anlegget. Eit anlegg med tradisjonell teknologi i Ålesund som produserer sju gonger meir enn det vi ønsker på Håbakken, gjev støvutslepp tilsvarande to til fire bilar med vinterdekk i vintersesongen, hevdar Thomassen

Trivst på garden

Aud Sjøvoll vil ikkje gje frå seg garden som ho og foreldra har bygd opp.

– Eg tykkjer det er heilt forferdeleg for eg har trivst veldig godt i Lærdal. Men eg lurer på om eg skal reise herifrå. For dersom dei ikkje vil ha meg, kan eg finne meg ein annan plass å bu.

Onsdag klokka 19.00 held Ecoinowaste informasjonsmøte om planane i Lærdal kulturhus.

(Artikkelforfattaren har tidlegare vore tilsett som prosjektmedarbeidar i Lærdal Næringsutvikling (frå desember 2013 til august 2014). I denne perioden utarbeidde han ein kommunikasjonsplan for selskapet. I ein periode etter utførte han mindre frilansoppdrag for ei rekke oppdragsgjevarar).