Hopp til innhold

Ho kan ikkje hugse ein betre sesong

BALESTRAND (NRK): Turistnæringa på Vestlandet har hatt ein eventyrleg sesong, og det roa seg ikkje ned før langt uti oktober.

Kari Kvikne på Kviknes Hotell

GODE TIDER: Kari Kvikne har drive Kviknes Hotel saman med søskena sine i mange år, men kan ikkje hugse ein like god turistsesong som i år.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

– Vi har aldri hatt så mange overnattingar i september som i år, og vi har vel heller ikkje hatt eit så høgt trykk i oktober før heller. Det seier Kari Kvikne ved Kviknes Hotel i Balestrand.

Reiselivet på Vestlandet kan juble over ei ti prosent auke i talet på overnattingar i sommar, og dei gode tidene ser ikkje ut til å ha teke slutt med sommarferien.

Les også: Dette lokkar heile vegen frå Kuwait

Hotell og campingplassar over heile Vestlandet melder no om at turistane har fått auga opp for haustsesongen, og vel å leggje ferien sin til september eller oktober. Kvikne seier at dei merkar det godt i Balestrand.

– Det er jo like fint her på hausten som om sommaren, og så er det litt rolegare og litt betre plass. Vi har jo uansett hatt heilt fullt i sommar, så for oss har det vore viktig å trekke folk i skuldersesongane og.

Kviknes Hotel i Balestrand

HISTORISK: Kviknes Hotel i Balestrand har vore i drift sidan 1870-åra. Det er den same familien som har sete ved roret heile tida.

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

God haust på heile Vestlandet

Wenche Salthella i NHO reiseliv seier at den gode haustsesongen ser ut til å vere ein trend på heile Vestlandet.

– Vi har jo hatt ein heilt fantastisk sommarsesong i år, men vi ser absolutt at det også smittar over på hausten. Vi får signal frå mange stader at dei siste vekene har vore veldig gode.

Wenche Salthella

GODE TAL: Wenche Salthella i NHO reiseliv seier at det kjem inn gode hausttal frå heile Vestlandet i desse tider

Foto: NHO Reiseliv

Salthella trur ein låg kronekurs er litt av forklaringa.

– Det er klart at det er mykje billegare å feriere i Noreg no enn det var for litt sidan. Også er det veldig i vinden med gode naturopplevingar, og autentiske destinasjonar. Der kjem jo vi godt ut.

Balestrand i Sogn

TURISTBYGD: Balestrand i Sogn er ei bygd med mykje turistliv, og i år har det vore betre enn vanleg

Foto: Aleksander Åsnes / NRK

Vil prøve på heilårsdrift

For Kviknes Hotel har den gode hausten gitt forhåpningar om at ein kanskje kan dra det endå lenger. No tenkjer ein heilårsdrift.

– Det er jo målet på lang sikt. Då er det ein del ting som på plass først. Skal vi få det til her i Balestrand må vi få med fleire på laget. Det nyttar ikkje at alle aktivitetane stenger ned 1. september om vi skal prøve å halde det gåande heile året, seier Kvikne.