Hopp til innhold

Ho kan avgjere om grendaskulen blir lagt ned

Sidan valet i fjor haust har ein tredel av kommunestyret i Lærdal blitt skifta ut. No kan ein av representantane som har kome inn bryte valløfta til eige parti, og gi fleirtal for nedlegging av Ljøsne skule.

Britt Iren Norheim Sanden

TUNGA PÅ VEKTSKÅLA: Sp-representant Britt Sanden kan kome til å gå mot eige parti og røyste for ei nedlegging av Ljøsne skule.

Foto: Odd Helge Brugand / NRK

Under kommunevalet i 2015 vart Britt Sanden valt inn som vararepresentant for Senterpartiet i Lærdal kommunestyre. Eit år seinare er ein tredel av kommunestyret bytta ut, og Sanden er ein av dei som har rykka opp til fast plass.

No kan Sanden vippe røystinga om skulen i favør ja til nedlegging. Ho stadfestar til NRK at ho vil røyste for skulenedlegging på Ljøsne.

– Lærdal har ikkje råd til å ha tre skular, slik er det berre. Dette har eg vore klar på sidan eg var nominert, seier Sanden.

Senterpartiet i Lærdal gjorde eit brakval i 2015 mellom anna på grunn av skulesaka, då dei lova vidare drift av skulen. Gruppeleiar Gro Starheimsæter stadfestar at Senterpartiet sine åtte representantar ikkje står samla.

– Ja, Britt Sanden har varsla at ho vil bryte med gruppa. Vi skal ha eit gruppemøte i kveld, då får vi sjå, seier Starheimsæter.

Korleis skal du forklare til veljarane at ei senterpartirøyst kan kome til å legge ned skulen?

– Det er klart det er uheldig, men vi er framleis sju som røyster mot nedlegging.

Bakgrunn: Ein tredel av kommunestyret er ute

Trong kommuneøkonomi

Gro Starheimssæter

IKKJE SAMLA: Gruppeleiar Gro Starheimsæter slit med å halde Sp-gruppa samla.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Trang kommuneøkonomi gjer at rådmannen vil legge ned Ljøsne skule. Det har lenge vore klart at Høgre og Ap sine representantar vil røyste for nedlegging. Dei er sju av 17 representantar.

Måndag vart det klart at Venstre sin representant, Astrid Trulssen, kjem til å røyste for ei nedlegging. Ho er dermed den åttande representanten, og det trengst ni for å få fleirtal.

Etter det NRK kjenner til, vil Britt Sanden med si røyst vippa røystinga om skulen i favør ja til nedlegging, mot sitt eige parti og sin eigen ordførar. Det betyr at Sanden og Senterpartiet kan bli avgjerande.

Framfor røystinga om Ljøsne skule torsdag, stadfestar gruppeleiar i Arbeidarpartiet, Kåre Mentz Lysne, at deira representantar er samla om å legge ned skulen.

– Vi hadde møte måndag kveld og alle fem går samla inn for å legge ned Ljøsne skule.

Kåre Mentz Lysne

SAMLA: Ap har pisk og gruppeleiar Kåre Mentz Lysne seier alle deira representantar går for nedlegging.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Høgre sin gruppeleiar, Trond Øyen Einemo, fortel at også dei vil røyste for nedlegging.

– Vi har vore tydelege heile vegen, og kjem torsdag til å røyste for ei nedlegging.

SV sin einaste representant, Anike Vanberg, fortel at ho vil røyste mot å legge ned skulen.

– Eg støttar Ljøsne skule.

Ingen partipisk

Dersom ein av representantane til Senterpartiet røyster for ei nedlegging, betyr det at Ljøsne skule blir lagt ned. Trass lovnader frå valet i 2015.

Starheimsæter seier at det er krevjande.

– Det er ein krevjande for meg som gruppeleiar, og eg er ikkje komfortabel med situasjonen. Det skal veldig gode grunnar til å røyste noko anna enn resten av gruppa, men vi i Senterpartiet har ikkje tradisjon for å bruke partipisk.