NRK Meny
Normal

Ho har fått forbod mot å ta med eigne sko hit

Om nokre dagar byter fotojournalist Synne ut motiv frå Oslo og Noreg med pingvinar og sjøløver i Antarktis. – Det blir ekstremt surrealistisk, seier ho.

Synne Asheim Haga er klar for to verkes tur til Anterktis

ANTARKTIS: I to veker skal Synne Asheim Haga filme dyreliv og deltakarar på eit prosjekt i regi av 2041 foundation. – Det blir utruleg spanande og lærerikt, trur journalistikkstudenten.

Foto: 2041 Foundation/privat

– Det ser fantastisk flott ut, og blir ei oppleving eg aldri har vore i nærleiken av. Vi skal mellom anna til eit område med masse pingvinar og sjøløver, fortel Synne Asheim Haga.

Jenta frå Brekke i Sogn er til vanleg student innan tv-journalistikk i Oslo, men 11. mars set ho seg på flyet til Argentina og opplevingar dei fleste av oss berre kan drøyme om. I to veker skal ho ta del i eit prosjekt på Antarktis.

2041 Foundation arrangerer årleg tur til Antarktisk

120 PERSONAR: Fleire tusen personar søkjer om å få bli ein del av den eksklusive gruppa som stiftinga 2041 Foundation tek med seg til Antarktis.

Foto: 2041 Foundation

– Eg skal filme ein ekspedisjon i regi av 2041 Foundation. Vi skal følgje dei som deltek på prosjektet tett og dokumentere det dei opplever, fortel ho.

Ikkje heilt som andre turar

Stiftinga arbeider for å spreie informasjon om berekraftig utvikling, klimaendringar og miljøspørsmål. Kvart år arrangerer dei ein tur til Antarktis for 120 personar. Og det er stor rift om å vere med. 6000 personar søkjer kvart år om å få ta del.

2041 Foundation arrangerer tur til antarktis

MILJØSAKA: Stiftinga 2041 Foundation set søkjelyset på miljø og berekraftig utvikling. Ingen av dei som er med stiftinga på tur får ta med eigne sko. - Ingen jordklattar frå andre kontinent skal vere på Antarktis, forklarar Haga.

Foto: 2041 Foundation

Sjansen til å bli med dukka opp på studiane. Gjesteførelesaren hennar, Kyle O'Donoghue har filma på Antarktisk i samarbeid med stiftinga 2041 Foundation fleire gonger, og når han i år trong medarbeidarar var Synne ein av dei heldige.

– Eg var raskt ute og svarte ja, seier ho begeistra.

Under det to veker lange opphaldet skal dei bu på ein stor båt, og vere ute på isen og vatnet kvar dag. Ho har budd seg så godt ho kan på dei to vekene i 10 minusgrader som ventar. Men ein ting må bli att heime.

– Vi får ikkje lov å ta med eigne sko. For det skal ikkje vere jordklattar frå andre kontinent på Antarktis. Det kom rett og slett ikkje på tale, fortel ho.

Slik håpar Synne å få oppleve Antarktis

SPANANDE: Kva som møter Synne i Antarktis veit ho enno ikkje. Men ho gler seg til opplevingane.

Foto: 2041 Foundation
Aksjonistar i rettsal, aksjonistar lenkar seg fast på Engebøfjellet
Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå