NRK Meny
Normal

No vil resten av musikkverda kapre henne

Etter at songen «Faded» er blitt spelt over 200 millionar gongar på Spotify er naustedølen Iselin Solheim eit ettertrakta namn.

Iselin Solheim

OVERRASKA: Iselin Solheim får telefonar frå heile verda av DJ-ar som vil ho skal synge på låtane deira.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det er heilt sprøtt. Viss nokon hadde sagt til meg for eit år sidan at eg skulle synge på ein song som var streama så mykje så hadde eg berre ledd, for det er så gale. Det er berre rart, seier Iselin Solheim.

Verdsstjerna frå Naustdal har hatt stor suksess etter at ho fekk tilbod frå elektronika-artisten Alan Walker frå Bergen om å synge låten til «Faded». Videoen er blitt vist over 375 millionar gongar på Youtube. På strøyme-tenesta Spotify er songen spelt over 200 millionar gongar.

Opna eit nytt musikkunivers

– Det er noko av det beste som har skjedd meg. Låten har opna mange dører for meg. Eg trengde denne låten, med den har eg bevega meg inn i eit nytt musikkunivers. Eg torer meir og tenke litt nytt.

Solheim har skrive og laga fleire låtar sjølv, mellom anna «The wizard of us». Ho håpar å teste vidare andre musikkonsept, og jobbe med nye produsentar.

– Det er mange som viser interesse. Mange tar kontakt og vil at eg skal synge på House-musikk. Førespurnadane kjem frå heile verda frå DJ-ar. Det er heilt fjernt for eg har aldri gjort det, ler Solheim.

Ho understrekar at ho likar tilboda som kjem. Låten med Walker har gjort at ho vågar meir.

Iselin Solheim

AKTUELL MED NY LÅT: Iselin Solheim har gitt ut ein ny låt saman med Alan Walker.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Det var så kjekt å gjere noko anna. Og eg såg meg sjølv på ein ny måte musikalsk.

Håpar på eige album

I ein periode var det stille frå naustedølen, rett og slett fordi ho stod fast i musikken.

– Det var ikkje slik at eg ville slutte med musikken, for den vil alltid vere ein stor og viktig del av meg. Men eg var ikkje sikker på at eg ville satse slik eg har gjort. Men så kom tilbodet frå Alan Walker og det var god timing.

No er ho aktuell med ein ny låt saman med bergensartisten. Sangen ho syng no heiter «Sing me to sleep».

– Det hadde eg ikkje venta. Det er ikkje vanleg at ein DJ brukar same artisten to gongar på rad. Så eg er lukkeleg for å få vere med på andre runde med Walker. Det er ein song eg føler passar godt til meg.

No håpar Iselin Solheim å komme med eige album etter kvart, og dyrke sin eigen stil og image.

– Eg vil få i gang mitt eige solo-materiale. Så får vi sjå korleis vi tar det vidare. Så har eg lyst å jobbe litt vidar også med EDM-musikksjangeren.

I sommar skal ho på låtskrivingscamp i Sverige. I tillegg blir ho å sjå og høyre på konsertar i Oslo og lokalt på Førde Opp.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.