NRK Meny
Normal

Ho får neppe ta over for Giske

Ingrid Heggø er nestleiar i Ap sin finansfraksjon på Stortinget bak Trond Giske. Likevel blir ho ikkje nemnt av nokon som etterfølgjar til det særs viktige vervet.

Ingrid Heggø smiler lurt

NESTLEIAR: Ingrid Heggø er nestleiar for Ap sin finansfraksjon på Stortinget.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Ingrid Heggø har 12 år bak seg i Stortinget. Det tidlegare sentralstyremedlemet sit no som nestleiar for partiet i finansfraksjonen. Likevel er ho ikkje nemnt i media som ny finanspolitisk talsperson etter at Trond Giske trekte seg.

Gudbrandsen

Frøy Gudbrandsen, politisk redaktør i Bergens Tidende.

Foto: Jan M. Lillebø / Bergens Tidende

BT sin politiske redaktør, Frøy Gudbrandsen, trur ikkje Heggø er aktuell:

– Eg trur dessverre ikkje det. Den finanspolitiske talspersonen er ein av dei mest sentrale posisjonane i partiet. Ein skal vere motdebattant til finansminister Siv Jensen (Frp). Det er berre dei aller tyngste politikarane som er aktuelle. Ingrid Heggø er nok ikkje blant desse i Ap, seier Gudbrandsen.

Ingrid Heggø skriv i ein SMS at ho ikkje vil kommentere saka utover at ho ikkje ønskjer å overta som leiar i finanfraksjonen på permanent basis.

Ho seier valkomiteen i partiet skal handsame saka.

Leitar etter potensiell ny finansminister

Politisk kommentator i NRK, Lars Nehru Sand, seier Heggø ikkje ser ut til å vere aktuell uansett:

Lars Nehru Sand

Lars Nehru Sand er politisk kommentator i NRK.

Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix

– Det er andre kandidatar ein ser på som meir aktuelle til det prestisjefulle vervet. Ein ser etter nokon som det ikkje er utenkeleg kan bli statsrådar på same feltet seinare.

Lars Nehru Sand seier dette må vere ein person som skal vere med i dei viktige debattane:

– Ein vurderer at det er andre som er betre eigna til det enn Ingrid Heggø, seier Sand.

Få sentrale og viktige Ap-folk frå Vestlandet

Frøy Gudbrandsen i BT bit seg merke i at det er få sentrale og viktige folk frå Vestlandet i Ap nett no. Heller ingen frå Hordaland blir nemnt som etterfølgjar til Giske:

Espen Barth Eide og Rigmor Aasrud.

AKTUELLE: Espen Barth Eide og Rigmor Aasrud er to politikarar som kan få vervet som finanspolitisk talsperson i fylgje kjelder NRK har snakka med.

Foto: NRK

– Det er rett og slett eit problem for regionen meiner eg. Dei store talenta må bli verande. Skal ein sjå på kva som har gått gale må ein sjå fleire år tilbake.

Gudbrandsen ser på Eigil Knutsen og Jette Christensen som to politikarar som kan bli profilar for Ap. For Sogn og Fjordane er det krevjande å få auge på nokon:

– Det kan jo finnast folk i fylkeslaget og fylkespartiet som ikkje har vore så synlege regionalt og nasjonalt, men eg trur Ap skjønar at dette er viktig.

Høl: – Ingrid er aktuell

Leiar Hilmar Høl i Sogn og Fjordane Ap er usamd i at talentarbeidet har svikta:

– Eg meiner vi har veldig mange flinke folk frå fylket og Vestlandet som kunne gått inn i rolla som finanspolitisk talsperson. Vi har jo Ingrid Heggø frå vår side.

Høl nemner også Magne Rommeveit og Jette Christensen som kandidatar frå Vestlandet:

– Vi må jo motbevise at dei ikkje kan ta desse rollene, den praten må vi ta gjennom partiet, men så lenge dei ikkje blir prøvd så blir det jo ståande usagt.