NRK Meny
Normal

Ho får ikkje bu i kommunen ho «skapte»

MÅLØY (NRK): Kristin Maurstad (Ap) stod i spissen for å skape Kinn kommune. No kan ordføraren frå Bryggja bli flytta ut av heimkommunen.

Kristin Maurstad

ORDFØRAREN: Kristin Maurstad (Ap)

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

– Eg er ordførar i Vågsøy i dag, og det held eg meg til. Men eg merkar at Bryggja er ei splitta bygd. Det er delte meiningar, og enkelte meiningar har kanskje vore lettare å stå fram med enn andre, seier Maurstad.

Heimbygda til Vågsøy-ordføraren kan forlate kommunen. Eit stort fleirtal av innbyggarane vil ut av Vågsøy/Kinn kommune og over i nye Stad kommune beståande av Eid/Selje.

Kjempa for Kinn – men kan få adresse Stad

Maurstad har sjølv stått i stormen. Kommunestyret har føreslått Bryggja og Holvik skular nedlagt.

I vår trassa Ap, Venstre, samt delar av FrP og Høgre ei innbyggarhøyring, og vedtok å slå saman Vågsøy og Flora

Regjeringa sa nei til Kinn kommune, men Maurstad fekk saman med partifellen og kollega Ola Teigen i Flora med seg Ap i Stortinget. Frå januar 2020 er Kinn kommune ein realitet.

Men mykje tyder på at heimkommunen til Maurstad heller blir Stad:

– Som innbyggar på Bryggja hadde eg sjølvsagt ynskt å bli ein del av Kinn kommune, men mi bustadadresse må nok kome i andre rekke, seier Kristin Maurstad.

Folkemøte Bryggja

MISNØYE: Over 200 underskrifter vart samla inn før søknad om grensejustering vart sendt. No syner ei innbyggarhøyring at stemninga framleis er sterk.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Vil ikkje la Bryggja gå utan kamp

Men Maurstad trur ikkje kommunestyret vil støtte at Bryggja forlèt kommunen. Ho syner til at fleirtalet på Bryggja nyttar tenester i Vågsøy:

– Dess meir eg går inn i rapporten, desto meir overraska blir eg over konklusjonen. Ingen av tenestene til innbyggarane skal flyttast til Florø, dette er ikkje eit val mellom Nordfjordeid eller Florø, seier Maurstad.

Maurstad meiner at å mislike Kinn ikkje er grunnlag for grensejustering:

– Vågsøy ynskjer at Bryggja skal vere med i kommunen. Eg ser ingen grunn til å endre på standpunktet. Vi kan tilby gode tenester til folk på Bryggja.

Laster kart, vennligst vent...

STOR AVSTAND: Kinn kommune skal bli eit kraftsenter på kysten, men har Bremanger i midten. Om ei veke kjem ny rapport om den nye kommunen.

Fryktar kommunen blir demontert bit for bit

Varaordførar Nils Myklebust (Sp) i Vågsøy seier saka er trasig. Han meiner dagens undersøking speglar av stemninga i heile kommunen.

– Eg er viss på om vi hadde hatt ei innbyggarhøyring i heile kommunen, hadde nærmare 70 prosent vore mot. Kinn kommune. Det er beklageleg at vi er sett i ein situasjon der kommunen vert demontert bit for bit, ansvaret ligg på dei som har vedteke Kinn, seier Myklebust.

Nils Myklebust

KRITISK: Varaordførar Nils Myklebust fryktar kommunen blir demontert.

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK

Bygdelaget godt nøgde

Leiar i Bryggja utviklingslag, Øysten Hessevik, er nøgd med resultatet:

– Det var som forventa. Kinn kommune er ei håplaus sak, og så spelar det inn at Bryggja har blitt nedprioritert over lengre tid, det håpar vi å snu i Stad. No bør det bli grensejustering.

Hessevik er ikkje samd i at bygda er splitta:

– Tvert om, vi er meir samla enn før, seier han.

Øystein Hessevik

NØGD: Øystein Hessevik, leiar i Bryggja utviklingslag

Foto: Asgeir Heimdal Reksnes / NRK
Vegopning på Bergum i Førde kommune