Hopp til innhold

Ho får fylkeskulturprisen for sitt langvarige arbeid for matkultur

Kari Støfringsdal frå Jølster får Sogn og Fjordane sin fylkeskulturpris 2014.

Kari Støfringsdal viser fram korleis ein syltar og hermetiserer

FÅR PRIS: Kari Støfringsdal vert heidra for sitt lange engasjement for mat og matkultur i Sogn og Fjordane.

Foto: Gro Ravnestad / NRK

– Det er veldig stas å få ei slik anerkjenning for det ein har arbeidd med gjennom eit langt liv. Spesielt dei siste 15 åra har det blitt meir og meir, seier prisvinnaren, Kari Støfringsdal til NRK.

Ho er glad for å sjå at mange er interesserte i å lære meir om mattradisjonar, noko som for 20–30 år sidan var heilt utenkjeleg.

– No er det blitt in-mat, og dei unge vaksne ynskjer sjølv å lære om det, fortel Støfringsdal, som skal bruke dagen til å nettopp lære frå seg meir om tradisjonsbakst som natronkaker og lefser.

Mat handlar om identitet

Ho har bakgrunn som husstellærar, og trur det kombinert med ein familie der matkultur og tradisjonar står sterkt har gjort at ho sjølv vart biten av matbasillen og ynskte å arbeide med det.

– Ho har vore ein markant skikkelse i å fremje god matkultur. Ho har gitt ut bøker og drive med kurs og informasjon om mat og mattradisjonar i lang tid. Vi tykkjer ho fortener ei slik utmerking, seier leiar for hovudutvalet i kultur, Nils Gjerland (Sp).

Han er klar på at mat er ein viktig del av kulturen vår.

– Definitivt. Vi i kulturutvalet ønskjer å syne breidda av det vi kan definere inn under kulturomgrepet. Mat er ikkje det som har vore oftast framme, men her er eit godt høge og ein god kandidat, seier Gjerland.

Støfringsdal er klar på at mat ikkje berre er ein viktig del av hennar identitet, men også folk flest sin.

Alle land har sin matkultur, og er ein viktig del av identiteten til folk, seier

Full oppslutnad i utvalet

Støfringsdal gav i 1999 ut kokeboka «Fjordamat», og i 2002 «Alle tiders Fjordamat» saman med Åse Kongsvik frå Leikanger.

I 2005 var ho medforfattar av boka «Ta kaka». Ho har vore leiar i bondekvinnelaget i Jølster, hatt sentrale verv i Norges Bygdekvinnelag, vore medlem av kommunestyret i Jølster og varaordførar (Sp).

– Ho kunne sikkert fått prisen før, men ho fortener prisen, og i år var det denne sjangeren sin tur. Det var full oppslutnad om dette i kulturutvalet, seier Gjerland.