Hopp til innhold

Rasar mot regjeringa etter kutt i flyruter

Regjeringa kuttar støtta til flyruta mellom Bergen og Førde og vil ikkje gje pengar til Widerøe for å fly til og frå Florø. Dette skapar harme blant politikarar og næringsliv.

Passasjerar går ombord i fly på Førde lufthamn Bringeland

FLYSTRID: Ruta mellom Førde og Bergen er ikkje lenger med når staten no lyser ut anbod for flyruter som i stor grad blir betalt over statsbudsjettet.

Foto: Rune Fossum Lillesvangstu / NRK

– I praksis er dette ei nedlegging av flyruta mellom Førde og Bergen, seier fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Jenny Følling (Sp), til NRK.

Ho meiner det er heilt uhøyrt av regjeringa å kutte statlege midlar til denne ruta all den stund at Sogn og Fjordane og Hordaland skal bli eitt fylke frå 2020 og at mange treng å reise mellom dei to byane.

– Veldig skuffande at flyruta Førde-Bergen vert lagt ned, statsråd John Georg Dale!!! Når vi skal bygge saman det nye fylke så blir det eit stort paradoks å måtte å fly om Oslo for å komme til Bergen, skriv Følling på Facebook torsdag ettermiddag.

– Skuffa og vonbroten

Samferdsledepartementet har også bestemt at rutene til og frå Bergen, Oslo og Florø framleis skal vere kommersielle, og ikkje subsidierte slik politikarar og næringsliv har kravd.

– Eg er veldig skuffa og vonbroten. Det har vore gjort eit veldig godt arbeid frå fylkeskommunen, Flora kommune og ikkje minst næringslivet i regionen for å få dette til, seier Høgre-politikar Bjørn Hollevik.

– Det er di eiga regjering som likevel vel å gjere dette?

– Vi har brukt tid på våre eigne partifellar og dei andre som sit i regjering. Dei er nokon svar skuldig når vi møter dei ved neste korsveg, seier Hollevik.

Ap-ordførar i Flora, Ola Teigen, er også tydeleg i sin kritikk av samferdsleministeren.

– Dessverre ser vi no at det er rutene med mest trafikk som mottek stimuli medan folket og næringslivet på kysten får klare seg utan. Dette er rett og slett skammeleg, skriv Teigen.

– Godt tilbod

– Det regionale flytilbodet er ein viktig del av det nasjonale transporttilbodet i Noreg og for kollektivtilbodet i distrikta. Gjennom utlysinga av ny konkurranse om drift av regionale flyruter i Sør-Noreg sikrar regjeringa eit godt tilbod til flypassasjerane, seier samferdselsminister Jon Georg Dale i ei pressemelding.

Han meiner at departementet sikrar gode vilkår for flyselskapa som no skal tevle om å få lov å fly på dei såkalla FOT-rutene, flyruter som i stor grad er sponsa over statsbudsjettet i tillegg til det passasjerane betalar.

Det er Widerøe som i dag har alle flyrutene til og frå Sogn og Fjordane. Dei ønskjer førebels ikkje å kommentere anbodskonkurransen som samferdsledepartementet no har sendt ut.

Dei rutene som no blir lyst ut på anbod er følgjande:

Røros–Oslo.

Førde–Oslo

Sogndal–Oslo

Sandane–Oslo

Ørsta-Volda–Bergen

Sogndal – Bergen

Sandane – Bergen