Hopp til innhold

Ho er landets beste unge konditor

21 år gamle Vilde Nistad Strandos vant i går NM for unge konditorar. Både ho og resten av gjengen frå Naustdal Dampbakeri jublar over sigeren.

Vilde Nistad Strandos

VINNAR: Vilde Nistad Strandos vant NM for unge konditorar. Her i djup konsentrasjon medan jo jobbar.

Foto: Ole John Berntsen / PRIVAT

– Eg visste det var hard konkurranse, og håpa kanskje å komme med på sigerspallen. Det var sjølvsagt utruleg kjekt å vinne heile konkurransen, seier Vilde Nistad Strandos fornøgd.

NM for unge konditorar vart arrangert i Trondheim i går, som ein del av Yrkes-NM 2014. 330 fagarbeidarar frå heile landet deltok under meisterskapen og heile 25 000 publikummarar tok turen innom Trondheim Spektrum.

Vilde N. Strandos

KONSENTRERT: Strandos legg siste hand på verket.

Foto: Ole John Berntsen / PRIVAT

Tøff konkurranse

17. mai og grunnlovsjubileet var tema for konkurransen for konditorane. Strandos spelte difor mykje på norske tradisjonar og råvarer.

– Eg laga blant anna ein mousse med risgrynsgraut, bringebærinnlegg og karamelliserte mandlar med sjokolade. Det var tydelegvis populært, seier ho.

– Det var spanande å sjå om bringebærinnlegga til moussen ville fryse tidsnok. Vi var fem deltakarar som delte ein liten frysar. Det er ikkje noko kjekt om det blir for blautt, men det gjekk heldigvis veldig bra!

Stolte kollegaer

Yrkes-NM vert arrangert for å få fokus på alle moglegheitene ein har som yrkesarbeidar i Noreg, og at landet står i fare for å få ein stor mangel på yrkesarbeidarar i åra som kjem. Her skal det rekrutterast.

Vinnaren Vilde N. Strandos

GLAD: Strandos viser stolt fram diplomet.

Foto: Ole John Berntsen / PRIVAT

Naustdal reiste til byen topp motivert. Ho fekk med seg ein av sjefane sine, Ole John Berntsen frå Naustdal Dampbakeri. Han er sjølvsagt veldig glad for resultatet.

– Eg var sikker på ho kom til å gjere det bra, men det er alltid vanskeleg å vite nivået i ein slik konkurranse. Nivået viste seg å vere høgare enn nokon gang, men likevel leverte Vilde så godt at ho vann, fortel Berntsen.

– Dette er kjempepositivt for karrieren hennar vidare. Det er gull verd å ha ein slik tittel å vise til. Det kan fort opne mange dører, seier han.

Det var også fleire frå fylket som gjorde det bra i sine klasser. Asgeir Flåten som til dagleg jobbar i Flåten Termotransport AS, vann klassen for yrkessjåførfaget.