Hopp til innhold

Ynwa er oppkalla etter "You'll never walk alone"

Mamma og pappa diggar Liverpool. Det har gitt Ynwa (2 mnd) eitt av landets mest sjeldne namn.

Ynwa

IKKJE MANGE: Statistisk sentralbyrå opplyser at det er tre eller færre som har namnet Ynwa. Her er den vesle Liverpool-supportaren saman med pappa Benny Rivedal og mamma Liselotte Norman.

Foto: Marianne Furevikstrand / Bygdeavisene

– Eg har halde med Liverpool heile livet og er med i supporterklubben. I supportaravisa sender ofte folk inn bilete av babyar som er nye supporterar, seier pappa Benny Rivedal i Førde.

For nokre år sidan var såg han ein som sende inn bilete av dottera som han hadde gitt namnet Ynwa etter Liverpool-songen.

– Det tykte eg var stilig, seier Rivedal til bygdeavisene.no.

Opphavleg frå musikal

Og Liverpool-songen det er snakk om, er songen «You'll Never Walk Alone». Songen vart opphavleg skriven av Richard Rodgers og Oscar Hammerstein II til Broadway-musikalen Carousel.

Seinare har han også vorte spelt inn av ei rekkje artistar, og Liverpool-supporterane tok songen som sin fotballhymne, ifølgje wikipedia.no, då Liverpool-gruppa Gerry & the Pacemakers gav ut songen i 1963.

Var mest rett med Ynwa

At namnet på veslejenta skulle bli Ynwa var i grunn klart lenge. Iallfall viss ho viste seg å vere jente. For alt medan bitteliten berre var i magen til mamma Liselotte Norman, kalla dei babyen for Ynwa.

– Vi hadde etter kvart fleire aktuelle namn, men det vart mest rett med Ynwa. Då ho kom ut, var det berre Ynwa, slår mamma og pappa.

Trass i eit heller uvanleg namneval har dei fått få kommentarar.

Ikkje berre fordi det er kult

– Det er færre som har teke linken enn det vi hadde trudd, seier foreldra.

Men dei har ikkje berre valt namnet fordi dei tykkjer det er kult.

– «You'll never walk alone» har ein meiningsfylt tekst, påpeikar Benny.

– Det passar fint å love ein baby denne tryggleiken, seier Liselotte.

(Artikkelen held fram under biletet)

Kos med pappa

DÅ 11. MARS: Pappa Benny håper det let seg gjere å få spelt Liverpool-songen i dåpen til veslejenta.

Foto: Marianne Furevikstrand / Bygdeavisene

Er fotball heile tida

No er ikkje pappa Benny berre litt over snittet interessert i fotball. Han har spelt både for Førde og Sogndal og er no spelande trenar på Saga.

– Det handlar om fotball kvar einaste dag. Anten er det trening, kampar eller treningskampar, seier Liselotte.

Begge foreldra presiserer at jentungen skal få drive med den idretten ho vil, men når det gjeld favorittfotballag, så er dei ikkje fullt så generøse. Den vesle jenta har allereie fått fleire Liverpool-effektar.

Finn seg neppe ein United-supporter

– Til sommaren må ho få seg ei ordentleg drakt, seier Benny, som trur jentungen med sitt flotte namn vil smelte mange gutar som heiar på Liverpool.

– Ho finn seg nok ingen United-supporter, seier han.

– Og det er vel tryggast når ho tenkjer på pappaen òg. Det hadde vel ikkje gått så bra, legg Liselotte til.