Hopp til innhold

Ho er ein av handelsvinnarane i fylket

NORDFJORDEID (NRK): Folk i Nordfjord handlar stadig meir. I Eid handla kvar innbyggjar for 100.000 kroner i 2018. I handelshovudstaden Førde, derimot, er det nedgang.

Gro Gjerdevik

AUKE: Senterleiar Gro Gjerdevik ved Amfi Nordfjord er glad for auken i Nordfjord.

Foto: Benedikte Grov / NRK

Det viser tal frå Statistisk sentralbyrå. Tal for detaljhandelen, altså det vi kjøper av varer til private hushaldningar, viser at det er Selje kommune som har hatt størst vekst frå 2017 til 2018. Men også Eid ligg høgt oppe på lista.

Senterleiar Gro Gjerdevik ved Amfi Nordfjord gler seg over auken i eigen region.

– Det er positivt å sjå at ikkje berre Eid, men alle kommunane i Nordfjord har vekst. Eg meiner det er med på påverke slik at vi slepp å ha altfor mange nordfjordingar som reiser ut av regionen for å handle, seier ho.

– Viktig med store aktørar

Gjerdevik peiker på at store aktørar som Biltema og Jysk har etablert seg i Eid kommune, og meiner det har hatt synlege ringverknader. Ho seier både nordfjordingar, sunnfjordingar og sunnmøringar handlar i Nordfjord.

– Dermed slepp ein å reise så langt for å få tak i dei varene ein gjerne har lyst på. Vi har fått eit breiare utval som gjer at det er kjappare og enklare å handle i Nordfjord enn å handle andre stader – som ein gjerne tidlegare har gjort, seier Gjerdevik.

– No stoppar vi opp og får fleire til å vere her, legg ho til.

Tilbakegang i handelshovudstaden

I Førde peiker tala andre vegen. Frå utgangen av 2017 til utgangen av 2018 er det ein nedgang i detaljhandelen per innbyggjar på vel tre prosent. Det er ein nedgang Mariann Njøsen, senterleiar ved Amfi Førde, ikkje heilt forstår seg på.

– Det er mykje som speler inn. Vêret, og at det har skjedd litt Førde i det siste, som vegarbeidet i Jølster. Det kan òg vere nyetableringar i kommunane rundt oss, seier Njøsen.

Ho seier folk frå heile fylket handlar i Førde. Senterleiaren ser positivt på framtida til Førde som handelsstad.

– Eg er veldig positiv. På huset her er det pågang på tomme lokale og vi snakkar om utbyggingar på fleire kantar, seier ho.

Netthandel viktig også for lokale butikkar

Dei to senterleiarane er samde om at det er viktig også for lokale butikkar å vere gode på nett og i sosiale medium.

– Det er viktig, for kundane sit gjerne heime på kveldstid og ser i sosiale medium og googlar for å sjå kva dei ønskjer seg. Då må ein kunne finne ut kor den merkevara er, seier Gjerdevik.

– Mange har lyst til å kjøpe på nett, men for å kunne prøve og finne om det passar, er det viktig å ha aktørane både på nett og i fysiske butikkar.

Litt ned i Sogndal

Nedgangen i Sogndal er på ein prosent, som svarer til om lag 1000 kroner per innbyggar. Wilhelm Tangerud er styreleiar i Sogndal handelsforeining. Han er ikkje uroa for utviklinga.

– Eg ser på den eine prosenten som veldig liten og heilt naturleg når me har hatt ein så enorm vekst, særleg frå 2012, seier han.

Også han er meiner butikkane må tilpasse seg netthandelen. Han trur til dømes at digitale prøverom ikkje er langt unna.

– Det er ikkje mange åra til det kjem til Sogn og Fjordane, det er eg heilt sikker på.