Hopp til innhold

Ho er det nye blodet i Framstegspartiet som statsråden ynskjer seg

SKEI (NRK): – Eg er ikkje ei som klarar å la vere å seie meiningane mine, seier Britt Dalsbotten som står på toppen av Frp si nominasjonsliste i Sogn og Fjordane.

Britt Dalsbotten Frp

PÅ TOPP: Britt Dalsbotten vart foreslått som toppkandidat på Framstegspartiet si nominasjonsliste til Stortinget, og vart valt inn under helgas fylkesmøte.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Vi må bygge organisasjonen nedanifrå og opp, appellerte olje- og energiminister Terje Søviknes til fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Framstegsparti.

Og det er kanskje ikkje tilfeldig at det var organisasjonsbygging statsråden valde å fokusere på i sin appell til møtet.

Ved førre val, kommunevalet i 2015, stilte Frp liste berre i 10 kommunar. Fylkesleiar Lars-Svein gav indre uro skulda.

I toppen av Frp si nominasjonsliste til stortinget skjer det omveltingar. Som nummer ein tronar Britt Dalsbotten, eit mindre kjend blad i Frp sitt politiske miljø i fylket.

Ho drøymer om plass på stortinget, sjølv om partiet går i motvind inn i valkampen.

Drøymer om nasjonal politikk

– Eg har aldri vore den som klarar å halde meiningane mine for meg sjølv, seier Britt Dalsbotten frå Bremanger om kvifor ho fann vegen inn i politikken.

Då ho sat som tillitsvald i Bremanger Raude Kors, hamna ho i diskusjon med andre frivillige som stemde Frp. Då synte det seg at engasjementet hennar passa godt saman med Frp sitt partiprogram.

– Dei sa «Britt, alt det du seier er i Frp sitt program. Vil du ikkje berre melde deg inn?». Eg hadde aldri tenkt på det. Det enda med at eg melde meg inn og ganske kjapt fekk plass i styret, fortel Dalsbotten.

No er draumen å ta steget opp til nasjonal politikk.

– Det er jo ein moglegheit eg ikkje kan seie nei til. Kor stor sjanse for at vi får eit mandat, vil jo vise seg. Men vår klare ambisjon er å få inn ein på stortinget. Og om eg får stå på topp, så blir det vel meg, då!

Friskt pust

– Britt Dalsbotten er eit friskt pust og fornying i partiet. Det bur mykje i ho, så eg meiner ho er ein flott kandidat, seier statsråden Terje Søviknes om den forholdsvis ferske kandidaten

Terje Søviknes

OLJE-OG ENERGIMINISTER: Terje Søviknes snakka lenge om organisasjonsbygging, og om korleis Framstegspartiet i Sogn og Fjordane må ta i bruk sosiale media for å nå veljarane i fylket. Han er positiv til at dei får nytt blod inn på listene til framstegspartiet, som ikkje har veldig god oppslutning i fylket.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

på toppen av lista.

Sjølv ho ikkje er den i partiet med lengst fartstid, er ho er ikkje redd for å ta steget ut av fylket om moglegheita skulle by seg.

– Det er ikkje skummelt, bere spennande. Det er ein utfordring eg tek på strak arm.

Kva er hjartesakene dine?

– Å, det er mykje. Samferdsel, her i fylket er det alfa omega for å knyte saman bu og arbeidsmarknad. Skatt- og avgiftspolitikk, at vi kan gi føreseielege rammevilkår for næringslivet. Innvandring og integrering er frykteleg viktig. Å stille krav til dei som kjem, og fortast mogleg få dei til å vere bidragsytarar i samfunnet.