Hopp til innhold

Ho er den første innvandraren på fylkestinget

25 år gamle Senea Sabanovic er ein av få engasjerte politikarar i Sogn og Fjordane som også har minoritetsbakgrunn. No vert ho den første på fylkestinget.

Senea Sabanovic

ENGASJERT: Senea Sabanovic utanfor kommunehuset i Sogndal. I tillegg til kommunestyrevervet vert ho den første med minoritetsbakgrunn på fylkestinget.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

– Eg tykkjer at fleire med innvandrarbakgrunn burde engasjere seg i lokalpolitikken og ikkje minst fylkespolitikken, seier Senea Sabanovic.

25-åringen frå Sogndal vart i år vald inn i kommunestyret i heimkommunen, men fekk også ein plass på fylkestinget.

Den unge Arbeidarparti-politikaren er dermed den første nokosinne med innvandrarbakgrunn på fylkestinget.

– Det var på tide, seier ho. – Men det var ikkje forventa, så det kom som ei overrasking, legg ho til.

Frå Bosnia til Sogn

Då ho var tre år kom ho til Sogndal frå Bosnia i lag med foreldra sine og ein eldre bror. Sjølv om ho kjenner seg som ein sogning, tek ho med seg ein del av bakgrunnen sin inn i rolla som politikar.

– Eg veit å setje pris på det vi har, og eg har blitt meir medviten om at dei velferdstenestene som vi har i Norge er ein utruleg viktig grunnstein i samfunnet vårt, seier ho.

Sabanovic var med å starte opp Sogndal AUF i 2011. Sidan den gong har ho hatt ulike verv både i AUF og Arbeidarpartiet.

Senea Sabanovic

FYLKESTINGSKLAR: Senea Sabanovic meiner nordmenn bør setje ekstra pris på velferdstenestene i Norge.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Innvandrarar underrepresentert

At berre ein av dei 31 representantane på fylkestinget har minoritetsbakgrunn er for dårleg, meiner valforskar Johannes Bergh ved Institutt for Samfunnsforsking.

– Det er eit generelt mønster at politikarar med innvandrarbakgrunn er underrepresentert, seier Bergh.

Johannes Bergh

VALFORSKAR: Johannes Bergh ved Institutt for Samfunnsforsking.

Foto: Kyrre Lien / Institutt for samfunnsforskning

Han meiner dette er synd for innvandrarane i Sogn og Fjordane som gjerne har andre politiske interesser enn resten av befolkninga.

– Då er det viktig at også desse vert representert i fylkestinget, seier han.

At det er så få av dei kan skuldast manglande politisk engasjement frå innvandrarane, men også at partia bør bli flinkare til å setje kandidatar med innvandrarbakgrunn høgare på listene sine, seier Bergh.

Gjennomsnittsalder på 47 år

Sabanovic er ikkje berre einaste med innvandrarbakgrunn, ho vert også den yngste på fylkestinget med sine 25 år.

Gjennomsnittsalderen er på 47 år og berre tre er under 30 år. Sogndalsjenta saknar like mykje unge representantar som dei med minoritetsbakgrunn.

– Det kunne godt ha vore fleire. Ein av grunnane til at så få engasjerer seg er nok fordi vi har det så utruleg godt her, så mange unge ser ikkje behovet, seier ho.

Ap-politikaren meiner likevel mykje av ansvaret kvilar på dei sjølv. No gler ho seg til å ta fatt på fire år både i kommunestyret og på fylkestinget.

– Vi unge har eit ansvar for å bry oss, men eg trur også fleire parti kan bli flinkare til å gje unge tillit til dei unge og setje dei høgt på listene. Der tykkjer eg Arbeidarpartiet har gjort ein god jobb i alle fall, seier ho.