Hopp til innhold

Bodil Marie har huset fullt av nissar

Det er trongt om plassen heime hos Bodil Marie Nornes i juletida. Då flyttar nesten 700 nissar inn på stova.

Bodil Marie Nornes har samla snart 700 nissar heime i Sogndal.

SJÅ TV-SAK: Bodil Marie Nornes frå Sogndal pyntar huset sitt med nesten 700 nissar kvar jul. (Foto: Randi Indrebø / Redigering: Stine Kyrkjebø Johansen)

I heile jula bur Bodil Marie Nornes midt i eit hav av nissar heime på Haugen i Sogndal.

Når born går julebukk hos Nornes får dei ofte store auge idet ho opnar døra. For sjølv om det også er massevis av store og små nissar ute i hagen, er det berre ein liten smakebit av det som ventar ein inne.

Byrja som baby

Den fyrste nissen

DEN FYRSTE: Denne nissen har vore med Bodil Marie gjennom heile livet.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Heilt frå ho var lita har ho samla på store og små julenissar.

– Den fyrste fekk eg i julegåve av bestemora mi då eg var eit halvt år. Den betyr verkeleg mykje for meg, seier ho.

Den nissen er trygt plassert lengst bak i skapet saman med dei andre nissane i samlinga som er produsert på 50-talet.

– Det er greitt å gøyme litt unna dei eg er mest glad i sidan det er ungar som spring rundt her av og til, fortel ho.

Sidan har det tatt heilt av. No har ho samla nesten 700 nissar, men har ingen planer om å gje seg endå.

Lidenskap for nissar

– Nokre folk snakkar med plantane, mens eg kan småsnakke litt med nissane. Det er ikkje plass til så mykje blomar her i jula. Ein må prioritere, smiler ho og kikkar rundt på den stappfulle stua.

(Artikkelen held fram under biletet)

Bodil Marie Nornes

HEIMELAGA: To av nissane ho har strikka sjølv har heidersplass i sofaen.

Foto: Randi Indrebø / NRK

Nokre har ho laga heilt sjølv, andre har ho strikka klede til, mens dei aller fleste har ho funne på nissejakt i butikkar i inn- og utland.

– Mange bruker mykje pengar på andre ting, mens eg brukar ein del pengar på nissar. Dette er min hobby, seier Nornes.

Det er ikkje heilt fullt i huset enda, og ho truar med at ho heller vil bygge på huset litt enn å stanse samlinga.

Mannen hennar er derimot ikkje like begeistra for samlinga.

– Han ganske oppgitt, men har resignert no, ler ho.