Hopp til innhold

Ho blir hardt pressa i ny strid om Fjord1

HERMANSVERK (NRK): Fylkesordførar Jenny Følling vil ikkje svare konkret på ho vil vente på Konkurransetilsynet si avgjerd før ho overprøver Fjord1-styret i striden om utbyte til eigarane.

Jenny Følling i fylkestingssalen på Hermansverk

MEIR DEBATT: Jenny Følling er tydeleg på at ho skal gjennomføre fleirtalsvedtaket om sal av Fjord1.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Under fylkestinget sitt møte i dag, blei Følling hardt pressa av opposisjonen i den omstridde saka.

Men etterpå ville ho ikkje svare på når ho vil kalle inn til generalforsamling i Fjord1, og dermed avgjere kva som skjer med eit mogleg utbyte frå Fjord1 på 50 millionar kroner.

– Vil du avvente Konkurransetilsynet si avgjerd før generalforsamlinga?

– Vi vil sjå på kva Konkurransetilsynet kjem til og vi gjennomfører generalforsamling når det er tenleg. Vi er nøydde til å sjå på kva som kjem, og ha generalforsamling når det er klart for det, var alt Følling ville seie.

Ho er svært tydeleg på at salet vil bli gjennomført i tråd med fleirtalet i fylkestinget sitt vedtak.

– Vi har registrert at det er veldig mange motkrefter i saka, og då blir det alltid diskusjon. Men eg har eit lovleg fatta vedtak i fylkestinget eg må halde meg til. Det er fylkesordførar, fylkesrådmann og F1 Holding sitt ansvar å følgje opp vedtaket.

Vil overprøve styret i Fjord1

Avisa Firda har dei siste dagane avslørt at styret i Fjord1 vil betale ut eit utbyte på 50 millionar til dei noverande eigarane, fylkeskommunen og Havilafjord AS.

Men Jenny Følling vil overprøve styret si tilråding, og syner til at avtalen med Torghatten ikkje gjev grunnlag for utbetaling av utbyte i år.

– Utbytepolitikken i 2015 er avtalefesta med Torghatten, og for at vår avtale skal vere gyldig så må vi følgje opp den avtalen vi har inngått og det lovleg fatta vedtaket til fylkestinget.

– Så du kjem til å overprøve styret?

– Vi er nøydde for å overhalde avtaleverket som fylkestinget har inngått.

Alfred Bjørlo stiller spørsmål til Jenny Følling

KRITISK: Alfred Bjørlo meiner fylkesordføraren si handtering av Fjord1-saka bør diskuterast.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Fekk ikkje med seg utbytevedtak

Ein av dei som har reagert hardast på dette er Alfred Bjørlo frå Venstre. Han meiner mellom anna at det ikkje var mogleg å forstå dette då vedtaket om sal blei fatta.

– Veldig mange av oss som var i fylkestinget har ikkje fått dette med seg, og eg tykkjer det er veldig greitt at til og med representantar for fleirtalet ikkje har fått med seg dette, seier Bjørlo til NRK.

Han slår fast at siste ord ikkje er sagt i Fjord1-striden.

– Det er ganske oppsiktsvekkjande at styret i eit stort, viktig selskap som Fjord1 og fylkesordføraren tilsynelatande har ulikt syn på kva som er rett utbytepolitikk for å utvikle selskapet vidare, meiner Bjørlo.

Meiner alle burde hugsa

Frank Willy Djuvik (Frp) meiner derimot at det er merkeleg at enkelte representantar ikkje klarer å hugse at nullutbyte er ein del av avtalen med Torghatten.

– Dette har vore diskutert ved fleire høve, både i det tidlegare fylkesutvalet som eg sat i og det blei presentert på fylkestinget. Ikkje minst så står det i aksjonæravtalen som fylkestinget handsama i november, seier Djuvik.

Han meiner at fylkesordføraren ikkje har anna val enn å følgje opp det fleirtalet i fylkestinget har sagt.