Hopp til innhold

Ho blei nyttårsbarnet i Sogn og Fjordane

Årets nyttårsbarn i Sogn og Fjordane blei fødd nesten tolv timar inn i 2014.

Sunniva Oldeide med nyttårsbarnet

NYTTÅRSBARNET: Den vesle jenta veg 3346 gram og er 49 cm lang. Her saman med mamma Sunniva Oldeide.

Foto: Privat

Daniel Henriksson og Sunniva Oldeide

LYKKELEG FAMILIE: Daniel Henriksson og Sunniva Oldeide kosar seg med den nyfødde dottera. Her er ho knappe to timar gammal.

Foto: Privat

Klokka 11:24 blei det fødd ei jente ved Førde sentralsjukehus, seier ei jordmor til NRK.no ein time etter fødselen.

Dei stolte foreldra er Sunniva Oldeide og Daniel Henriksson frå Måløy. Den vesle jenta er deira andre born.

– Ho veg 3346 gram og er 49 cm lang, seier ei glad mamma Sunniva.

Frykta mykje oppstyr

Dei kom til sjukehuset i firetida i natt. Ho rekna då med at det kunne bli eit nyttårsbarn.

– Eg frykta at det skulle bli så mykje oppstyr. Men det har gått greitt, ler ho.

Den vesle jenta har ikkje fått namn enno. Heime sit ei stolt storesøster på tre år.

– Ho tykkjer det er trasig det er så langt til Førde, men ho kjem snart på besøk hit.

Ville ha lystgass

Alt står bra med familien som no slappar av på sjukehuset. Oldeide valde å føde i Førde framfor Volda av ein enkel årsak.

– Lystgass! Eg ville ha lystgass og det har dei ikkje i Volda, seier ho.

Sjukehusa i Volda og på Voss blir også brukt av fødande kvinner frå Nordfjord og Sogn. Ei ringerunde til dei to sjukehusa viser at ingen frå fjordfylket har fødd der hittil i dag.

Årets førstefødde i Norge er ei jente som kom til verda på Ullevål sjukehus åtte minutt inn i det nye året.