Hopp til innhold

- Eg er den lukkelege vinnar! Laila betalar 5300 kroner for TV-aksjonsmiddagen

Laila Melkevoll la inn det høgaste bodet på middagen som vart auksjonert bort i samband med TV-aksjonen i helga.

Laila Melkevoll

GLER SEG STORT: Laila Melkevoll betalar 5300 kroner for middagen - pengane går til TV-aksjonen.

Foto: Torbjørn Tandberg / KRD

Ho seier at ho gler seg stort til middagen som skal lagast og serverast av Alfred Bjørlo, Jan Petter Jagedal og Erlend Blaalid Oldeide.

Det einaste vilkåret ho stiller er at transporten frå Sogn og Fjordane til Bergen må vere miljøvenleg og at råvarene er kortreiste. Ho har tenkt å invitere to venninner, Agnes Vevle Tvinnereim og Liv Karin Lund Thomassen til å dele den treretters middagen.

Jan Petter Jagedal, Alfred Bjørlo og Erlend Blaalid Oldeide

DESSE STÅR FOR MIDDAGEN: Frå v. banksjef Jan Petter Jagedal, ordførar Alfred Bjørlo og NRK-reporter Erlend Blaalid Oldeide.

Eks politisk rådgjevar

Laila Melkevoll er opphaveleg frå Oldedalen, men bur no i Bergen. Ho har vore politisk rådgjevar i Kommunaldepartementet, men regjeringsskiftet gjer at ho no vender tilbake til jobben sin i Bergen.

Ho vart i februar i år kjend for at ho måtte ta av seg bh-en i tryggleikskontrollen på Førde Lufthamn.

– Godt føremål

Men no ser ho altså fram til eit måltid (godt, får vi tru), tillaga av ordførar Alfred Bjørlo i Eid og banksjef Jan Petter Jagedal i Sparebanken Vest, medan NRK-journalist Erlend Blaalid Oldeide har teke på seg å dekke på bordet. Kanskje tek han og oppvasken...

– Det er kanskje mykje med 5300 kroner for ein middag, men når vi ser på kor godt føremål pengane går til, så er det ikkje så mykje, seier Laila Melkevoll.

Skål for godt resultat

SKÅL FOR GODT RESULTAT: Marknadskonsulent Tom Øyvind Solheim, banksjef Jan Petter Jagedal og tv-aksjonsleiar Kristin Sandal skålar for å ha fått inn 28.551 kroner.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Til saman 28.551 kr

I alt kom det inn 28.551 kroner i auksjonen på Nordfjordeid.

Her er summane for dei einskilde objekta som vart auksjonerte:

  • Middag 5300 kr
  • Sogndal-drakt 1000 kr
  • Julebord Nordfjord Hotel 1000 kr
  • Lån av bil i ei veke 1000 kr
  • To festivalpass Malakoff 1600 kr
  • SPV 10.000 kr
  • Aksjon - Eid Fotball 8651 kr

Erlend Blaalid Oldeide seier dei er svært nøgd med resultatet av auksjonen.

– Dette er heilt storslått!

Oselie Henden og Thomas Bashay

SPRANG OG SAMLA INN: Oselie Henden og Thomas Bashay utgjorde eitt av laga som sprang rundt i Nordfjordeid sentrum og samla inn pengar.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK