Innsendt av Magnar Heimset frå Hyen
* 2 middels hjarte
* 2 dl raudvin
* 1 dl oliven- eller soyaolje
* 1 dl grillolje
* 1-2 ss god konjakk
* 1 ss sterk fransk sennep
* ½ rå løk
* 1 bår kvitløk
* 4-5 einebær
* Gourmetkrydder eller viltkrydderblanding
* grov kvit pepar
* litt nellik
* litt chilipepar og/eller paprika
Kryss-splitt dei ferske hjarta, og vask dei godt i friskt, kaldt vatn. La dei henge luftig i 3-4 dagar. Reinskjer dei og del opp i fine 1,5 cm tjukke stykke.
Lag ein marinade av raudvin, olje, grillolje, konjakk, sennep, finhakka løk, knuste einebær og krydder. Mengde krydder etter smak. Gourmet- eller viltkrydderblanding er "bankers", men set gjerne ein ekstra piff med t.d. litt nellik, chilipepar, paprika eller annan "hot spice". Ver varsam med salt før steiking for å unngå at kjøtet vert tørt. Hell marinaden over kjøtet, og vend varsamt. La stå i 1-2 døgn. Vend eit par gonger.
Steik kjøtet som biff i olje på sterk varme. 1-2 minutt på kvar side. La kjøtet kvile medan du lagar ein god saus av t.d. ein pakke bearnaisesaus som basis. Tilset silt marinade og steikesky for å gje sausen farge og særpreg. Mengde etter smak.
Server med kokte poteter og gulrot, rosenkål og brokkoli.