Hopp til innhold

Hjorten har øydelagt 30 rundballar for bonden

Svoltne hjortar øydelegg for bønder i Hyen. Terje Skamo har mista rundballar for nesten 15.000 kroner.

Hjorten et opp rundballane

IKKJE REDDE: Terje Skamo har flytta rundballane nærare husa, i håp om at hjorten let seg skremme. Men det har ikkje verka.

Foto: Magnar Heimset / Firda Tidend

– Til no har eg mista 30 ballar, minst. Og mange fleire er skadde, seier Terje Skamo på Hope i Hyen til Firda Tidend.

Den snørike vinteren har gjort tilhøva krevjande for hjorten. I Hyen samlar dei seg i store flokkar og tek for seg av rundballane, som skulle vore vinterfôr til husdyra. Også ein av naboane til Skamo har mista eit tjuetals rundballar til hjorten.

– Eg har aldri opplevd at dei har gått laus på ballar så nær husa før, seier Skamo, som fortvilar over øydeleggingane.

Han har forsøkt å berge rundballane ved å køyre dei nærare huset, men hjorten har ikkje latt seg skremme av det.

Må truleg gjerde inn rundballestablane

Med 70 vinterfôra sauer og over 30 storfe i fjøsen, treng han sårt fôret. Han trur tapet så langt nærmar seg mellom 12.000 og 15.000 kroner. Noko umiddelbar løysing på hjorteproblemet ser han ikkje.

– Vi må nok rett og slett gjerde inn rundballestablane, seier Skamo til avisa.

Men då held det ikkje med eit vanleg gjerde.

– Vi har prøvd med to høgder vanleg gjerdenetting, men det borar dei seg gjennom. Vi må nok skaffe oss slike stålgrinder som ein nyttar til å sikre byggjeplassar med, seier Skamo til Firda Tidend.