Hopp til innhold

Hjorten dukka opp – og opp igjen!

Titt tei! Den nysgjerrige hjorten lurte nok på kva som skjedde då Silje Nygard og venninna Nina Larsen Kvam kom køyrande etter ein handletur.

ARTIG OPPLEVING: Venninnene Silje Nygard og Nina Larsen Kvam fekk nærkontakt med den nysgjerrige hjorten.

– Eg skulle parkerer då eg oppdaga hjorten som titta fram. Det var ganske morosamt å sjå. Eg har aldri opplevd noko slikt før, ler ho.

Ho bur på Sande i Gaular og den artige hendinga skjedde i helga. Det er ofte hjort rundt huset der ho bur, men vanlegvis stikk av dei når det kjem folk.

– Denne var meir nysgjerrig. Han var nok svolten.

Den nysgjerrige hjorten dukka opp fleire gonger. Difor fekk ho tid å ta fram mobilen.

– Hjorten kikka nok fram i alle fall ti gonger slik at vi fekk filma litt, fortel ho.

Først då Nygard byrja å køyre nærare garasjen, sprang hjorten vekk.

Silje Nygar

FORT HJORT: Silje Nygård filma den nysgjerrige hjorten.

Foto: Privat

Og videosnutten med hjorten har ho fått mange reaksjonar på.

– Eg la den ut på Facebook, på ei side som heiter Hønehjørnet. Der fekk videoen 300 likes og mange kommentarar. Folk tykte det var søtt å sjå på, fortel ho.

Lyst å lese fleire dyrehistorier?