NRK Meny
Normal

Hjortekrangel i Bremanger

I Bremanger er det full krangel mellom fleire jaktlag om kva slags hjort som skal skytast.

Hjort
Foto: Cosmin Cosma / NRK

I rein protest over eit påbod om å skyte meir kalvar har to jaktlag meldt seg ut av eit jaktsamarbeid i kommunen.

 

- Hovudlaus avskytingsplan

Ansgar Hennøy i Hennøystranda Jaktfelt seier påbodet er heilt meiningslaust.

- Eg kan ikkje skjønne kva slag grunnlag dei brukar for å bedømme noko slikt og kome med ein slik hovudlaus avskytingsplan. Her sit folk og titulerer seg både ditt og datt og seier dette er fagleg. Eg må seie at dette er heilt vilt, eg kan ikkje vere med på noko slikt.

Store bukkar skal sparast

Hjorteforvaltning skaper altså sterke kjensler i Bremanger. I 2003 vart Vestre Kvarven Grunneigarlag etablert som eit storvald på halvøya mellom Svelgen og Frøysjøen. Ved hjelp av fagfolk ved hjortesenteret på Svanøy vart det utarbeidd ein bestandsplan der store hjortebukkar skulle sparast. Men i tillegg skulle det skytast meir kalvar, seier leiar i Vestre Kvarven Grunneigarlag, Per Lars Sande.

- Dersom du feller 30 prosent kalvar, så gjer det at det ikkje blir produsert ungdyr og smådyr inn i bestanden, det er den vesentlege faktoren.

Nekta å vere med

Hennøystranda Jaktfelt vart pålagt å skyte nær dobbelt så mange kalvar som dei gjorde tidlegare. Dette nekta dei å vere med på. 

- Det var ikkje oppnåeleg å skyte så mykje kalv som dei påla oss. Så mykje kalv var det ikkje i terrenget.

- Kunnskapsløyse

Resultatet er at Vingelven Jaktfelt og Hennøystranda Jaktfelt har meldt seg ut i protest mot påbodet om kalveskyting. Men Sande meiner det er kunnskapsløyse som er problemet, og han har klaga til kommunen på at dei godtek utmeldinga.

 

- Eg trur det er mykje kunnskapsmangel. Når det er endringar i forhold til det vi har gjort tidlegare, seier ein gjerne at det er hovudlaust, men det viser seg at vi oppnår målsettinga med å gjennomføre tiltaka i planen vår, seier Per Lars Sande.

Vegopning på Bergum i Førde kommune