At hjorten kan vandre langt er ikkje nytt. Men ei merka hjortekolle som normalt held til i Ytre Bremanger har nok meir utferdsstrang enn dei fleste artsfrendane.
Kolla vart merka i Ytre Bremanger og vart i sumar peila inn i Hornindal, fortel Jan Martin Kjærstad som er leiar for Dalen vald i Ytre Bremanger. På den lange turen frå havgapet i Ytre Bremanger til Hornindal har kolla kryssa Nordfjorden. Kolla har også med seg ein kalv og då sumaren var slutt var kolla og kalven attende i Bremanger.