Hjortekalven som nekta å døy

SVANØY (NRK): To veker gamal vart Sigrunn funnen hjelpelaus, utan mamma. På veg mot den sikre død klynga ho seg til menneska som fann henne. Det redda livet hennar.

Hjorten Sigrunn

OVERLEVDE: Hjortekalven Sigrunn vart funnen av nokre turgåarar og ville ikkje gje slepp på dei. Det gjer at ho er i live i dag.

Foto: Johan Trygve Solheim/Norsk Hjortesenter

Ved Norsk Hjortesenter på Svanøy spring den tammaste hjortekalven du kan tenke deg.

Bandet mellom Sigrunn og matfar Johan Trygve Solheim er allereie tett og nært.

Når han lokkar, kjem ho trippande etter.

Hjorten Sigrunn slår av ein prat.

NÆRT BAND: Sigrunn kjem trippande når matfar Johan Trygve Solheim lokkar med hjortelydar.

Men eigentleg skulle ho vore død. Det er det som er den brutale, men naturlege utgangen når ein hjortekalv misser mora.

Ho vart funnen svolten og aleine på Stavøy. Turgåarane som fann henne ringde hjortesenteret for råd.

– Rådet var å la ho vere. Ikkje ta henne med. Ofte dukkar mora opp igjen og då skal ein ikkje blande seg inn, seier Solheim.

Men ho ville ikkje gje slepp.

Det dei la merke til var at Sigrunn følgde etter då dei gjekk vidare, truleg fordi ho var så svolten og utmagra.

– Eg skjønte etter kvart at mora var død. Truleg påkøyrd eller skoten. Ein hjortekalv som ikkje får mjølk av mora, døyr. Då opna vi for at ho kunne kome til oss.

Hjorten Sigrunn

SNAKKAR MED KVARANDRE: Sigrunn lyttar når Johan Trygve Solheim snakkar. Sidan i sommar har han og andre tilsette ved hjortesenteret mata henne med mjølk.

Foto: Seline Larsen / NRK

Ein del av flokken

Det er sjeldan at hjortesenteret tek inn dyr på denne måten. Det er mykje arbeid og eit stort ansvar.

Førre gong det skjedde var i 2012.

Desse kalvane blir fora med mjølk og blir langt tammare enn dei andre hjortedyra.

Målet er likevel at dei etter kvart skal sosialiserast med dei andre. Ei oppgåve som er krevjande, men fullt mogleg.

– Det vi ser er at dei mest tamme dyra har god innverknad på dei ville. Dei kan bidra til å roe ned flokken, seier dagleg leiar Johan Trygve Solheim.

Så langt har møtet med dei andre til dels vore brutalt. Sigrunn har opplevd å blitt sparka, knuffa og jaga ut av dei større dyra. Årsaka er at ho enno ikkje har funne sin plass i hierarkiet.

Men Solheim har trua. Ikkje minst fordi han meiner Sigrunn er audmjuk, samstundes som ho har sjølvtillit.

– I løpet av eit halvt år trur eg det vil sjå betre ut. Vi ser frå dei andre dyra vi har hatt tidlegare at dei etter kvart finn sin plass.

Tette band

Sjølv om dei tilsette er glad i alle dyra på senteret, innrømme Solheim at forhistorien til Sigrunn gjer at banda blir ekstra tette. Ikkje minst fordi dei har lagt ned så mykje innsats i at ho skal klare seg.

Hjorten Sigrunn

BLIR STØRRE: Riktig fôring og masse omsorg gjer at ho har vakse sidan i sommar. No trur dei tilsette ved hjortesenteret at ho kan ha eit godt liv i over 20 år.

Foto: Seline Larsen

– Til tider har det påverka nattesøvnen min. Det er det første eg tenker på når eg står opp om morgonen. Det blir eigentleg personleg. Ho blir ein del av familien.

I sommar var ho ein hårsbreidd frå å stryke med. No kan ho vente seg eit godt hjorteliv i over 20 år.

– Alle hjortane våre er unike og alle har eigne personlegdommar. Men ein du har så mykje kontakt med, kvar einaste dag, blir heilt spesiell.

Hjorten Sigrunn

EIN DEL AV FAMILIEN: Johan Trygve Solheim seier han til tider har engasjert seg så mykje i Sigrunn at det har påverka nattesøvnen.

Foto: Seline Larsen