I tre år har Planteforsk på Fureneset i Fjaler nærast fotfølgd hjorten på Eikås. Målet er å finne ut om den kostar meir enn den smakar for bøndene. For sal av hjorteløyve gir gode pengar i kassa for grunneigarane. men skadane dei same dyra gjer kostar dessverre meir, seier bonde Otto Leiv Østenstad.
Vil redusere hjortestammen
- Å redusere hjortestammen vil løyse mykje av problemet, seier bonden på Eikås. Dei siste åra har dei skote mykje hjort og Østenstad meiner å sjå resultat. Forskinga på Eikås viser at hjorten gjer skade for 190 kroner per dekar dyrka mark. Totalt på Eikås er det snakk om 19.000 mål, og altså skade for over 360.000 kroner.
Hjorterekneskap
Talmaterialet som no blir lagt fram kan hjelpe bøndene til å lage eit hjorterekneskap. På den måten kan grunneigarane også lettare finne ut korleis hjorteløyva skal fordelast dei imellom, seier bonde Otto Leiv Østenstad.