NRK Meny
Normal

Hjelpte hjort som sat fast i gjerde

13 år gamle Ingrid Osland høyrde nokre lydar tidleg ein morgon. Då oppdaga ho ein hjort som sat fast i eit nettinggjerde.

Her bergar dei hjorten frå nettinggjerdet

SKAR LAUS HJORTEN: Fleire karar måtte til for å berge hjorten. Foto: Ingrid Osland

Pappa Bjørn Osland fortel om opplevinga dei hadde då dei var i feriebustaden sin i Høyanger kommune.

– Vi såg det var mykje hjort på bøen om kvelden. Om morgon høyrde dottera mi Ingrid på 13 år nokre lydar ved vegen. Ho ropte på meg og sa at ein hjort stod fast. Han hadde vikla seg inn i eit gjerde med gevira.

Det var vg.no som først fortalde om hjorten.

Ingrid og Bjørn Osland

OPPDAGA HJORTEN: Ingrid og Bjørn Osland hjalp til slik at hjorten kom seg laus.

Foto: Privat

Dei gjekk bort til hjorten som ikkje kom seg laus frå nettinggjerdet. Osland trur ikkje den har stått der lenge, for den såg ut til å vere i god form.

Vilter hjort

– Den var veldig redd, spesielt då vi kom nærare. Den prøvde å komme seg laus, men klarte det ikkje.

Fleire folk kom til og saman prøvde dei å få laus hjorten

– To av oss tok tak i gevira og heldt hjorten fast. Så blei det skore i nettinggjerdet slik at den kom seg laust. Vi sjekka tilstanden på hjorten, og den såg fin ut. Så i slapp den og då sprang hjorten bortover.

– Kva tykte dottera di om denne opplevinga?

– Ho tykte det var litt skummelt, men også litt spennande, seier Osland.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.