NRK Meny
Normal

Hjelpepleiar suspendert

Ein hjelpepleiar i Helse Førde er suspendert frå stilliga si.

Pleiaren har erkjent å ha tatt private verdiar frå ein psykiatrisk pasient.

Pasienten meiner seg grovt utnytta av hjelpeleiaren som mellom anna skal ha pressa og lurt pasienten til å gje frå seg private verdiar.

Hjelpepleiaren har erkjent å ha tatt vare på eigendelar for 14000 kroner for pasienten, men hevdar at alt er levert tilbake. Utover dette nektar pleiaren for skuldingane.

– Vedkommande er suspendert frå jobben ut denne månaden, seier informasjonssjef Arne Eithun i Helse Førde til Bergens Tidende.

Vegopning på Bergum i Førde kommune