Hopp til innhold

Hjelpekorps ventar på 47 000 kr

Vik Hjelpekorps ventar framleis på å få betalt tilbake utgiftene dei hadde under ein leiteaksjon i fjor haust, skriv Sogn Avis. 400 personar var i aksjon, etter at ei kvinne forsvann i Vik i fjor. 13 månader seinare har hjelpekorpset ikkje fått dekt 47 000 kroner etter leiteaksjonen. Hovudredningssentralen, som skal betale tilbake utgiftene, seier dei ikkje har fått noko faktura, så saka stoppa sannsynlegvis hjå politiet i Florø.