Hopp til innhold

Hjelmhaug refsar ”stjernene"

Late og uinspirerte førstelagsspelarar irriterer trenaren til Sogndal 2.

Ole Hjelmhaug
Foto: Sogndal Fotball

Les og: Førde slo Sogndal 2

- Me trenarane må diskutere kva me skal gjere med dei. For om ikkje a-lagsspelarane stolar på kvarandre og jobbar kan me like godt sende eit reint juniorlag utpå. Dei spring i alle fall, seier ein svært skuffa Ole Hjelmhaug.

Eksempelet Solheim

Han har nett sett eit Sogndal 2, spekka med førstelagsspelarar, tape heime mot Førde.

Mats Solheim

Mats Solheim gjorde jobben på Sogndal 2, i år er han fast på førstelaget.

Foto: Sander Heggheim/NRK

Henrik Furebotn fekk godkjent minus av trenaren etterpå - innsatsen til Lukas Nadolski, Kristian Brix, Lennox Kanu Oddbjørn Skartun og Kai Risholt stod til eit soleklart stryk.

Hjelmhaug er spesielt skuffa fordi Mats Solheim i fjor viste at vegen til førstelaget kan gå gjennom tredjedivisjon.

- Mats kom ned til oss og var fullt motivert. Litt slik som Henrik Furebotn er no. Han viste at det går an å spele seg til ein fast plass på førstelaget på denne måten, må då må ein ta utfordringa, seier Hjelmhaug.

Liksomstjerner

Dei fleste førstelagsspelarane såg i går ut som daffe liksomstjerner som måtte ta ein kamp i tredjedivisjon. Trass i at den fallgruva var tema før kampen.

- Eg tek det opp på spelarmøtet før kampen og seier at me må vera motiverte og profesjonelle, men dette er ikkje godt nok, seier Hjelmhaug.

- Det såg ut som du kan ta deg eit møte til etter kampen…

- Det må me gjera, avsluttar Hjelmhaug.