Hopp til innhold

Hjelmeset får ikkje springe maraton

Odd Bjørn Hjelmeset er ein av over 40.000 løparar som i år ikkje får springe New York Marathon. Sjølv om han synest det er synd, er han mest oppteken av at tryggleiken skal kome først.

Odd-Bjørn Hjelmeset

FÅR IKKJE SPRINGE: Odd Bjørn Hjelmeset er ein av over 40.000 løparar som i år ikkje får springe New York Marathon etter at det er avlyst på grunn av orkanen sine herjingar.

Foto: Solum, Stian Lysberg / SCANPIX

Dei enorme skadane etter orkanen «Sandy» gjorde til at New York Marathon no er avlyst. New York sin borgarmeister, Michael Bloomberg, hadde først lova at maratonet skulle gå som planlagt, men i går kom nyheita om at søndagens løp var avlyst.

Etter ar borgarmeisteren sa at løpet skulle gå som planlagt har han hausta ein del kritikk, mellom anna frå folk som meiner ein bør bruke resursane på dei mange som treng hjelp etter uvêret og ikkje eit maraton.

New York Marathon trekkjer kvart år til seg over 40.000 løparar frå heile verda, rundt halvparten av dei er frå utlandet. Ein av dei som hadde tenkt å springe var skiløparen Odd Bjørn Hjelmeset frå Gloppen. Han skulle skrive for «Aktiv for Kreft», men no blir det altså ikkje noko av.

– Dette var veldig synd og kjedeleg, eg hadde sett veldig fram til dette, meg eg får ikkje gjort noko med det, seier han til VG.no.

Han skulle etter planen ta fly til New York laurdag morgon, men då VG snakka med han fredag kveld var han usikker på kva han skulle gjere. Sjølv om han beklagar at løpet vart avlyst er han klar på at tryggleiken må komme først.

– Eg har heile tida sagt at det er viktig at tryggleiken er i orden for deltakarar og tilskodarar, seier Hjelmeset til VG.