Hopp til innhold

Hjelmeland vann Edvard-prisen

Thea Hjelmeland frå Førde vart i går kveld tildelt Edvard-prisen 2015 i kategorien "Årets utfordrar". Ho fekk prisen for albumet "Solar Plexus". Edvard-prisen er kalla opp etter Edvard Grieg og blir delt ut av TONO, som er eigd av komponistar, låtskrivarar, tekstforfattarar og musikkforlag. Thea Hjelmeland fekk prisen under konserten ho heldt i Oslo i går kveld, ho fekk eit trofè i stein og 50.000 kroner.

Thea Hjelmeland
Foto: Johannes Andersen