Hopp til innhold

Helge Hjelle vil ha fleire seglskuter til Måløy

The Tall Ships Races-general Helge Hjelle meiner Måløy kunne fått langt meir ut av arrangementet.

Vladimir Martus og Helge Hjelle

Helge Hjelle (t.h.) saman med kapteinen på seglskuta som besøkte Måløy denne veka.

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Seglskutefesten gjekk med 15 millionar i underskot. Dei raude tala har skapt mykje debatt i Vågsøy og krav om at både ordførar og rådmann må trekke seg. Også prosjektleiar Helge Hjelle har måtte tole mykje kritikk for manglande kontroll.

Høyr intervju med Helge Hjelle: Første seglskuta til Måløy etter Tall Ships Races

Stiller seg kritisk

Dette hindrar han likevel ikkje i å stille seg kritisk til at Vågsøy ikkje har klart å lokke til seg fleire seglskuter etter festen i fjor.

- Alt oppstyret i ettertid må ta skulda for dette, meiner Hjelle.

Hjelle har til no nekta å kommentere skuldingane og underskotet etter fjorårets Tall Ships Races. For første gong tek han bladet frå munnen og let seg intervjue av NRK Sogn og Fjordane.

- Vi kunne hatt ein fantastisk effekt med både båtar på Måløy hamn og andre ting som var planlagt, men som førebels ligg på is.

Vil ikkje snakke om underskotet

Shtandart

Shtandart

Foto: Asgeir Reksnes / NRK

Den fyrste seglskuta er komen til Måløy etter Tall Ships races i fjor. På hamna ståande framfor den russiske skuta Shtandart tek Hjelle bladet frå munnen og fortel om frustrasjonen.

Han vil ikkje uttale seg om underskotet eller andre sider ved arrangementet fordi saka vert granska, men meiner at Måløy har gått glipp av ein fantastisk effekt på grunn av bråket i ettertid. Men sprekken på 15 millionar har ført til at lite har skjedd.

- Fleire har kontakta oss med ønskje om å kome til Måløy, men vi har førebels ikkje teke dei tilbake på grunn av at vi ikkje har klart å avslutte og bli ferdig med det som har gått rundt Tall Ships Races 2008.

- Kva synest du om det ?

- Eg ønskjer alle seglskip tilbake til Måløy seinare på liknande besøk som dette. Det andre skal eg ikkje uttale meg om.

- Båtane kjem uansett

Men formannskapsmedlem Asgeir Solheim frå Senterpartiet som har vore ein av dei fremste kritikarane av arrangementet meiner han ikkje kunne gjort noko annleis.

- Eg synest det er rart at Helge Hjelle vil snakke om at ein ikkje får båtar til Måløy. Eg trur båtane ville kome til Måløy uansett, og ein burde marknadsført dette her. Det har ikkje noko med at vi vil ha gransking på pengebruken og eit dundrande underskot.

- Må ta belastninga

- Det kan jo vere at enkelte har følt at dei har mista energi, og at det ikkje har vore så enkelt ?

- Det må dei ta inn over seg sjølve. Dei har jo stelt i stand det arrangementet med underskot, og eg skjønar godt at det er ei belastning.

Hjelle har følgjande svar på korleis året etter Tall Ships races har vore.

- Til det vil eg svare at det var frykteleg hyggeleg å sjå at Shtandart kom inn på Måløy hamn og la til kai torsdag.