Hopp til innhold

Hjartego har to hjarte i panna

NAUSTDAL (NRK): I Naustdal har bonde Jorunn Heggheim noko så sjeldsynt som ei ku med to hjarte. Ikkje av det slaget som pumpar blod rett nok, men som lyser mot ein i panna.

Kyr med hjarte i panna, Jorunn Heggheim, Naustdal

PAR I HJARTE: Kua Hjartego i Naustdal har to hjarte i panna.

Foto: Privat

Kua, som naturleg nok har fått namnet Hjartego, nærmar seg fem år og skal snart ha sin tredje kalv.

– Det er ei snill og grei ku. I dag har ho litt langt hår, men når ho er kortklipt så er ho veldig fin, seier den stolte eigaren.

Ho og mannen har drive med mjølkeproduksjon 35 år og sett kyr med ulike teikningar i pelsen, men aldri nokon som Hjartego.

Jorunn Heggheim

BONDE: Jorunn Heggheim Naustdal er den stolte eigaren av kua Hjartego.

Foto: Tonje Noreng Trøen / NRK

– Hjarte er sjeldan. Eg ser ofte at sjutal går igjen, Enkle hjarte kan ein og sjå, men ikkje hjarte med eit hjarte inni, seier Helgheim.

Hjartego har ei dotter med eit eitt-tal i panna, så hjartemarkeringa ser ikkje ut til å gå i arv.

– Nei, kalvane hennar er akkurat som alle andre kalvar, ler Helgheim.