Normal

Hjalp ikkje med storinnhenting for Førde

Dei to laga som møttest til dyst i Førdehuset søndag ville begge sikre seg viktige poeng for å ligge tettast på tabelltoppen. Heimelaget var nære på etter ein knalltøff start på kampen.

Førde handball

TAP: Førde har som mål å vinne avdelinga denne sesongen, men måtte sjå seg slått på heimebane av ein av dei tøffaste konkurrentane om tittelen, Stord.

– Eg er skuffa over tapet, men nøgd med måten vi jobbar oss opp igjen på. Det er sjølvsagt surt å tape når vi føler at vi underpresterer i første del av kampen, seier trenar Øyvind Indrebø.

Då Førde tok i mot Stord på heimebane søndag, stilte dei to laga med like mange poeng. Føre dei på tabellen ligg berre Fyllingen, og dei tre laga kivar om å sikre seg tabelltoppen.

Kampen i Førdehuset starta dårleg for heimelaget, og på det meste låg Førde under med opptil ti mål.

– Vi spelte totalt sett ein bra forsvarskamp, men var dårlege framover i første omgang og starten av andre, fortel trenaren etter kampen.

Øyvind Indrebø

SKUFFA: Trenar Øyvind Indrebø innrømmer at det var eit surt tap mot Stord, men er imponert over innhentinga og lagmoralen som synte seg siste del av kampen.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

Jaktar framleis på avdelingssiger

Etter vel halvspelt andre omgang fekk laget ny energi og sette alt inn på å hente igjen gjestane sitt forsprang. Førde klarte delvis å snu kampen, og kjempa seg opp frå 21–12 med ei storinnhenting, til 21–19. Då det var to minutt igjen av kampen kunne kampen vippe i begge retningar. Men nærare kom ikkje heimelaget. Stillinga etter 60 minutts spel vart 22–19.

– Vi viser ein fantastisk lagmoral, det er veldig jamt på slutten. Måten vi spelte siste kvarteret på må vi ta med oss vidare til neste kamp, seier Indrebø.

Neste kamp kjem allereie onsdag, og er eit lokaloppgjer mot Stryn, som ligg i andre enden av tabellen. Også dei måtte sjå seg slått av Stord denne helga, då dei tapte 15–26 laurdag. Etter kampen onsdag ventar juleferie på laga, og i Førde er dei innstilt på å halde fram jakta på siger i avdelinga.

– Vi visste før sesongstart at det ville bli tøft, og dagens kamp syner at det er så tøft som vi var budde på. Alt er opp til oss sjølve, og no gjeld det å arbeide hardt framover, det er det som tel. Også i fjor hadde vi ein periode med kladdeføre, som løyste seg. Det er vi innstilt på å få til i år også, avsluttar trenaren.

Etter kampane denne helga ligg Fyllingen på topp med 21 poeng, Stord like bak med 20 og Førde på tredjeplass med 18 poeng.

Vegopning på Bergum i Førde kommune