Hopp til innhold

Hjå han har dei kravd inn turistskatt i 10 år

På Svalbard har dei hatt turistskatt i 10 år. Der har dei berre gode erfaringar, og deler ikkje frykta til kollegaene på fastlandet.

Reiselivssjef på Svalbard, Ronny Brunvoll

TURISTSKATT: Ronny Brunvoll er reiselivssjef på Svalbard.

Foto: Lars Egil Mogård / NRK

– Vi har hatt ein jamn vekst i talet på tilreisande sidan 2012, og har ikkje merka noko til negative konsekvensar seier Ronny Brunvoll, som er reiselivssjef på Svalbard.

På fastlandet pågår det no ein heit debatt om såkalla turistskatt. I Verdsarvrådet ynskjer dei å få til ei ellar anna for miljøavgift for reisande til UNESCO-områda Flåm og Geiranger. Dei siste 10 åra har alle reisande til og frå Svalbard må betale 150 kroner i miljøavgift.

– I praksis er dette ein turistskatt, sidan dei fastbuande kan få refundert pengane, seier Brunvoll.

Turistane forstår

Til no har reiselivet vore heller lunkne til tanken om turistskatt og fryktar at Noreg, som allereie er sett, på som eit dyrt land, skal prise seg heilt ut av marknaden. På Svalbard meiner reiselivssjefen at turistane vil akseptere det, dersom dei får forklart kva pengane går til.

– Dersom ein først skal ha ein turistskatt så må ein også kommunisere at ein faktisk betalar det. Det trur eg mange faktisk ikkje er klar over. Også så må vi vere flinkare til å forklare at dette er ei miljøavgift som du som besøkande er med å betale for det fotavtrykket som du set i naturen, seier Brunvoll.

Også i sommar har vi høyrt om turistar som gjer frå i naturen. Det er kanskje ikkje så rart når til dømes 10 000 vis av tilreisande til Olden oppdagar at det berre er eitt toalett tilgjengeleg.

– Vi inviterer folk til Svalbard og til resten av landet og så vert vi overraska over at dei må på do. Og blir sjokkerte når dei gjer frå seg bak ein busk, seier Brunvoll.

Må kome reiselivet til gode

Sjølv om Brunvoll har forståing for at reiselivet fryktar eit høgt prisnivå, meiner han at næringa no må vere villige til å diskutere turistskatt.

– Skal vi kome oss vidare så kan vi ikkje sitte å hamre på ideologi, enten det er ja eller nei. Vi må kome vekk frå at kvar vesle bygd skal finne ut av dette sjølve, seier Brunvoll.

Brunvoll er klar på at pengane ein frå inn på denne måten må komme turistnæringa til gode og ikkje gå inn i det store sluket i kommunane.

– Eg trur at dersom vi finn ein fornuftig måte å krevje det inn på, så vil turistane akseptere å betale ein 30–40 eller 150 kroner som vi gjer på Svalbard. Men då må vi forklare kva pengane går til, og dei må ikkje gå inn i ein salderingspost for alle gode føremål i kommunane, seier Brunvoll.