Hopp til innhold

Hit vil dei lokke endå fleire - frå heile verda

I løpet av dei tre første månadane har 3000 betalande gjester vitja Norsk Reiselivsmuseum i Balestrand. No startar jobben med å lokke fleire besøkande frå heile verda.

connie Reksten

OPTIMIST: – Det er ikkje kvar dag alt har gått på skjener, men dei tilsette står på så dette blir bra, seier Connie Reksten som er avdelingsleiar.

Foto: Åsta Urdal / nrk

Turisttroll

TURISTTROLL: Suvenirar og nips av ymse slag er ein sjølvsagt del av reiselivsindustrien, her representert av eit telefontroll.

Foto: Åsta Urdal / NRK

– Eg ser ikkje vekk frå at andre har hatt høgare forventningar til besøkstala, men eg meiner 3000 er realistiske tal med tanke på at vi er eit museum på ein liten plass, seier Connie Reksten, avdelingsleiar på museet.

Ho seier dei har satsa på å verte synlege lokalt først, for å bygge eit rykte stein på stein. Samstundes vedgår ho at det ikkje har vore satsa på marknadsføring nasjonalt og internasjonalt.

– Det har vore spennande å opne eit nytt museum. Vi har flytta inn, opna, starta kafe, blitt kjende som kollegiet og sett heile museet i drift. Det er mange ting som har skjedd på ein gong, så eg må sei at det har gått ganske greitt.

Digital formiddling

DIGITALT: Mykje av historia vert formidla digitalt over store skjermar, video og lyd.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Prøver seg fram

Ho fortel at dei har prøvd ut ulike opningstider i mai, juni og juli.

– Eg trur vi har hatt dei lengste opningstidene på noko museum i heile landet. Då har det vore interessant å sjå når publikum kjem, og kva dei er interessert i. Vi prøver å ha følarane ute i høve framtidig marknadsføring.

Museet har ei eiga dør direkte inn i lobbyen til Kvikne Hotell, og med sine over 35.000 gjestedøger i løpet av sommarsesongen dryp det litt på klokkaren.

– No er det eit forsøk, men eg reknar med vi kjem til å halde døra opne. Det kjem eit jamt sig av utanlandske turistar derifrå.

Populær gjestebok

Frå gjesteboka i museumskafeen står det namn frå heile verda. Ei helsing frå Taiwan klarar vi ikkje tolke, ei anna er meir heimleg;

«Så flott at dette museet har blitt verkeleg. For meg var det artig å kjenne meg igjen i turismen frå eg var lita og eg kom til familie ved Sognefjorden, inkludert Balestrand.»

Ein annan lovprisar toalettet:

« Eg hadde aldri trudd eg skulle nyte omgjevnadane på eit toalett så mykje.»

Helsing i gjesteboka

HELSING: – Turistane synest det er spennande å reflektere over si eiga reise, og ser sin eigen turisme i eit nytt perspektiv, seier Connie Reksten.

Foto: Åsta Urdal / NRK

Arkitektur sel

Den monumentale arkitekturen er ein gjengangar i helsingane.

– Frå utsida ser ikkje museet så stort ut, men når du kjem inn ... Steinen representerer den norske naturen på ein god måte, og vi jobbar også med å formidle dette når vi skal reklamere for museet.

Sidan dette er museet sin første sesong har det verken vore besøk av skuleklassar, eller førehandstinga pakkeløysingar frå turoperatørar.

– Vi har nok ikkje fått alt til å gå på skjener med ein gong, men eg trur det blir bra!

– Det er også verdt å legge merke til det fine vêret i juni. Då var det færre gjester. Juli var ein fin månad. Dårleg vær er som kjent museumsvêr, smiler Reksten.

Museumsgjestar

STEIN PÅ STEIN: Det storslåtte bygget får mykje merksemd av gjestane, og utstillinga vekker mellom anna minne frå barndommen.

Foto: Åsta Urdal / NRK